Hordaland fylkesutval meiner at jernbanesambandet mellom Oslo og Bergen, dei to største byane i landet, har kome svært dårleg ut i Jernbaneverket sin handlingsplan for nasjonal transportplan (NTP) 2006-2015. I ei fråsegn til Jernbaneverket påpeikar fylkes
Fylkesutvalet sender på denne bakgrunn ei sterk oppmoding til Jernbaneverket om å prioritera oppstart av to spor Bergen stasjon – Fløen som første del av dobbeltsporbygginga mellom Bergen og Arna.
Forslaget til fråsegn var sett fram av Jorill Christensen (Ap), og vart samrøystes vedteken av fylkesutvalet.
I fråsegna vert det vist til at i Jernbaneverket sin handlingsplan for NTP 2006-15 er Bergensbana tilgodesett med 695 mill.kr til sjølve bana. Dette er fordelt med nytt spor i ny tunnel gjennom Ulriken i løpet av 2010 og nytt spor mellom jernbanestasjonen i Bergen og Fløen til 80 mill. kr. Dette utgjer berre 2,6 % av investeringsramma i 10-årsperioden.