Fylkesutvalet i Hordaland rår til at det vert gjeve løyve til utbygging av Smådalselva kraftverk i Samnanger. Utvalet meiner at ei utbygging ikkje vil vera i vesentleg konflikt med regionale interesser.
Lokale grunneigarar ynskjer gjennom Smådalselva Kraft AS å byggja eit kraftverk i Smådalselva ved Tysse. Kraftstasjonen vil kunne produsere 7,5 GWh årleg.
Like nedanfor Smådalsvatnet (kote 365) vert det etablert eit inntaksmagasin på 1000 m3, medan kraftstasjonen vert liggjande ved kote 42 og vert eit mindre bygg oppført i lokal byggestil. 1230 m røyr frå inntak til kraftstasjonen vert grave ned, og i anleggsfasen vert det etablert ein 400 m mellombels anleggsveg frå eksisterande skogsbilveg.