Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort med åtte (KrF, Ap, SV og V) mot seks (H, Frp) røyster. Forslaget som vart vedteke vart sett fram av Pål Kårbø (KrF).
Fredsprofessor Johan Galtung
Nordisk fredsakademi er ein nystarta institusjon bygd opp med hjelp av fredsprofessor Johan Galtung og hans verdsomspennande nettverk av kjende fredsforskarar.
Jondal kommune er interessert i å medverka til oppretting av Nordisk fredsakademi med å kosta og skaffa prosjektleiar for prosjektet i 20 % stilling i tillegg til å stilla Herand skule til disposisjon for ei rimeleg leige.
Konfliktløysing
Nordisk fredsakademi tek sikte på å utvikla tilbod rundt temaet fredsundervisning og konfliktløysing. Det er planar om utvikling av nettbasert høgskuletilbod i fred og konfliktløysing med samlingar og førelesingar lagt til lokala til Nordisk fredsakademi i Jondal, samt ferieseminar, helgekurs og vekeskurs lagt til Nordisk fredsakademi i Jondal.
Vidare kan akademiet koma inn med undervising til elevane på eit eventuelt vidaregåande tilbod innan media og kommunikasjon som skal samlokaliserast med Nordisk fredsakademi. Grunna låg søknad kjem ikkje dette nye tilbodet, knytt til Odda vidaregåande skule, i gang frå komande haust.
Kvar sommar
Hardanger Symposium har vore arrangert kvar sommar sidan år 2000 med professor og fredsforskar Johan Galtung som ein primærressurs. Deltakartalet har auka jamt frå ca. 20 i 2000 til ca. 160-170 i 2006. Symposiet vil i framtida verta ein del av fredsakademiet.
Prøveundervising
Budsjettet for planlegging og prøveundervisning ved Nordisk fredsakademi er på 420 000 kr. Ved sida av fylkeskommunen sitt tilskot er det lagt opp til 150 000 kr frå Jondal kommune, 150 000 kr frå regionalt næringsforum i Hardanger og 60 000 kr i deltakaravgifter.