Søndag 4. september vert Nordsjøløypedagen arrangert i mange av kommunane løypa går gjennom i Hordaland. På denne dagen. vil det verte losa turar langs delar av løypa, det vil verte kulturarrangement mange stader, og det er sett opp eigen transport med v
Nordsjøløypa er utvikla i samarbeid med 9 kystkommunar i Hordaland og strekkjer seg frå Fedje i nord til Sveio i sør. Nordsjøløypa er også er eit EU-prosjekt, og Nordsjøløypedagen 4. september vil verte feira i 26 regionar i sju land, Nordsjøen rundt.
Målet med initiativet er klart: Går du i Nordsjøløypa, skal du få flotte naturopplevingar, samt kunnskap om kulturhistorie og landskap.
Merk at på nokre stader er det arrangement både på laurdag 3. september og søndag 4. september.
Ei rekkje folk lokalt, foreiningar, musé og kommunar står bak aktivitetane på Nordsjøløypedagen. På vegne av dei alle, du er hjarteleg velkomen til folkefesten vi vonar at Nordsjøløypedagen 4. september vil verte!
Ønskjer du meir informasjon om stadene Nordsjøløypa går, finn du det på Internett: http://www.hordaland-f.kommune.no/kls/nl/
Program for dagen (pdf-fil)