
Bjørg Kristoffersen (i midten), som til no har vore direktør for Kystmuseet i Øygarden, er direktør for det nye museet. Saman med seg er styrarane for dei andre fire einingane som er med i det nye museet. Frå venstre: Egil Christoffersen – Nordsjøfartmuseet, Marco Trebbi – Hanseatisk museum, Anders Håland – Noregs Fiskerimuseum, og Gunnar Furre – Herdla museum. Foto: Stanley Hauge
Første museet
Museum vest er det første museet i Hordaland som er nyorganisert og sett i drift i tråd med opplegget i den såkalla museumskonsolideringa. Dei fem musea som er konsoliderte til eitt er: Det Hanseatiske Museum og Schøtstuene, Herdla Museum, Kystmuseet i Øygarden, Nordsjøfartmuseet og Norges Fiskerimuseum.
Nyorganiseringa vart markert med ei samling i Schøtstuene i Bergen.
Vestlegaste
Museum vest er det vestlegaste i Hordaland. Dei fire hovudfelta den nye eininga er: Kystkultur, fiskerihistorie, hanseatisk historie og krigs- og okkupasjonshistorie og menneskerettar, seier museumsdirektør Bjørg Kristoffersen.
120 000 personar eller ca. 25 % av alle gjestene ved dei konsoliderte musea i Hordaland er det Museum vest som har gleda av å ta imot. Staben ved dei fem einingane er på i alt 17 personar.
Ros for prosessen
Både fylkeskultursjef Ingebjørg E. Astrup og styreleiar Arne Voll rosa dei fem musea og dei tilsette for innsatsen dei har gjort med etableringa av den nye museumseininga. Det har vore nokre brottsjøar, men det meste har gått greitt og de greidde å halda på gleda i prosessen, sa fylkeskultursjefen. Verst å takla syntest ho det var då det ikkje kom venta konsolideringsmidlar frå staten over statsbudsjettet i fjor.
Fylkeskultursjefen markerte opninga ved å trykkja på ein dataknapp og opp på lerretet kom logoen til det nye museet.
Samarbeid
Styreleiar Arne Voll takka musea for viljen til å få til nyorganiseringa og trekte fram at dei tilsette har lagt ned eit stort arbeid i prosessen.
Han uttrykte tru på framtida og eit oppsving i gjestetalet. I framtida vil dei fem einingane samarbeida på ei rekkje felt som til dømes samlingar og formidling.
Ventar pengar
Henning Warloe, byråd for finans, kultur og næring i Bergen, fekk applaus då han fortalde at byrådet legg opp til at finansieringa av dei nye lokale til fiskerimuseet, som no er ein del av Museum vest, vil verta løyvd i den komande fireårsperioden.
Direktør Ertesvåg hadde ikkje med pengar til det nye museet. Ho hadde heller ingen lekkasjar å koma med om neste års budsjett. Men ho uttrykte at dersom det ikkje kjem meir midlar til gjennomføring av konsolideringa på neste års statsbudsjett, så var ho uroleg for heile reforma.