Tyssedal kraftstasjon – kjempar om å verta århundrets byggverk

Tyssedal Kraftstasjon i Hardanger er med i kampen om å verta Århundrets byggverk 1905-2005 i Noreg. Fram til fredag kl. 12.00 denne veka gjennomfører Entrepenørforeningen Bygg og Anlegg den nasjonale finalen med kåring av Århundrets byggverk 1905-2005. R

Kraftkatedralen Tyssedal kraftstasjon vann tevlinga i Hordaland i august.
Alle kan vera med å røysta på sin favoritt mellom 15  kandidatar frå heile landet. Nærare informasjon om kandidatane, tevlinga og røystereglane finn du på www.bygg.no

Røyst fram Tyssedal!
Bruk nokre sekund på å røysta fram kandidat nr. 12 Tyssedal kraftstasjon er oppmodinga frå Norsk vasskraft- og industristadmuseum (NVIM). Det kan du gjera ved å

- sende ein e-post (eller fleire) til firmapost@bygg.no med namnet på byggverket.

- sende ein SMS. Skriv BD (mellomrom) bygg (mellomrom) Tyssedal Kraftstasjon eller nummer 12. Meldinga kan sendast til 1985 og kostar kr. 3 pr. melding.

Gode grunnar for Tyssedal kraftstasjon
Her er 6 gode grunnar til å stemme på kandidat nr.12 - Tyssedal kraftstasjon:

- Tyssedal kraftstasjon (Tysso 1) vart teikna som eit praktbygg  av dei kjende arkitektane Thorvald Astrup og Victor Nordan og vart  bygd  frå 1906-1918 for å levere straum til den nye storindustrien.

- Tyssedal kraftstasjon er bygd på håndhogd norsk granitt og ligg

majestetisk som eit kraftslott ved Sørfjorden mellom Folgefonna og Hardangervidda.

- Tyssedal kraftstasjon representerer det ypperste innan materialbruk, ingeniørkunst og teknologiutvikling gjennom 1900-talet.

- Tyssedal kraftstasjon markerte framveksten av det moderne Norge etter 1905 og er blitt eit symbol på Elektrisitetslandet Norge.

- Tyssedal kraftstasjon vart freda i år 2000 og ferdig restaurert i 2005.

- Tyssedal kraftstasjon er kandidat til å kome på UNESCO si verdsarvliste.

Stanley Hauge 21.09.2005 09:31
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart