Hordaland fylkesutval rår til at fylkestinget skal løyva 4 mill. kr til Osterfjord næringssamarbeid sitt pilotprosjekt for å utløyse ei bioenerginæring i fylket. Tilskotet vert tilrådd under føresetnad av at Hordaland fylkeskommune får kompensert minst 4
Det er ein føresetnad at støtten vert gjeven innanfor gjeldande reglar i EØS regelverket for statsstøtte.
Saka kjem opp til endeleg avgjerd i fylkestinget 11.-12. oktober.
I saksutgeiinga heiter det at Hordaland har store ressursar som kan nyttast til bioenergiformål, men næringa er lite utvikla. Dette gjeld både produksjon og bruk av biobrensel. Utviklinga har kome mykje lengre i andre deler av landet og internasjonalt. Bioenergi er CO2 nøytralt og vert rekna som miljøvenleg.
Det vert også påpeika at Hordaland fylkeskommune vil få kompensert noko av tapet ein har hatt på momskompensasjonsordninga, og det er realistisk at tilskotssummen på 4 mill kr til prosjektet er innan rekkevidde.