Første snøggbåtrute på anbod i Hordaland er alt i drift. Det var BNR som fekk anbodet på ruta mellom Askøy og Bergen. Dei andre rutene skal starte 1. januar 2007 og omfattar:
* Sunnhordlandsrutene (Lokalrutene i Sunnhordland og Sunnhordland til/frå Bergen)
* Austevollsruta (Lokalbåt i Austevoll)
* Kvinnheradsruta (Ny rute mellom Rosendal og Os/Bergen)
Ni ulike rutealternativ
Det er til saman ni ulike rutealternativ, med fartsalternativa 30 og 35 knop. Det er å høve til å kople anbod, men då som eit tillegg og ikkje som eit alternativ til anbod på dei einskilde rutealternativ. Det er nytta totalanbod etter nettoprinsippet, der den einskilde tilbydar sjølv tar ansvaret for inntektssida i snøggbåtdrifta.
Anbodsfristen gjekk ut måndag 12. september. Dei ulike anboda vil bli evaluerte utifrå fleire kriterium for å komma fram til det mest fordelaktige tilbodet. Val av operatør/operatørar skal skje seinast 31. januar neste år.
30 knop rutefart
Blant dei aktuelle anboda er det stor variasjon om årleg tilskott. Sunnhordland 1( dagens ruteopplegg med 30 knops fart) varierer med 9,7 millionar kroner mellom høgaste og lågaste pris. Lokalrute i Austevoll ( dagens ruteopplegg med 30 knops fart) har variasjon på 2,9 millionar kroner, mens variasjonen for ny snøggbåtrute frå Rosendal med 30 knops fart er på 2,8 millionar kroner i årleg tilskot.
35 knop rutefart
Fylkeskommunen har og bede om anbod med større fart, 35 knop. For ruta Sunnhordland 1 (dagens ruteopplegg) er då variasjonen på 8,5 millionar kroner, lokalrute i Austevoll ( dagens ruteopplegg) varierer med fire millionar kroner, mens den nye snøggbåtrute frå Rosendal har ein variasjon på 2,7 millionar kroner i offentlege årlege tilskot.