For å stimulere til auka kreativitet og nyskaping i fylket, har Hordaland fylkeskommune oppretta ein årleg oppfinnarpris. Prisen har vore delt ut sidan 1991. I år er prisen på 50.000 kroner og blir delt ut på fylkestinget i desember.
Kreative personar i Hordaland som ønskjer å realisere ideane sine blir oppmoda om å sende dei inn for vurdering. Søkjarane skal vere busette i Hordaland og kan levere inntil to søknader/idear. Ideane er sikra konfidensiell handsaming, og juryen, som vurderer søknadene, har teieplikt. Før prisutdelinga vil presentasjonen av vinnarideane bli utforma i samråd med prisvinnar
Søknadsfristen er 30. september.
Søknader skal sendast til
Hordaland fylkeskommune
Strategi og utvikling,
Postboks 7900,
5020 Bergen.
Kontakttelefon 55 23 92 82
Utlysingstekst (pdf)
Påmeldingsskjema (word)
Retningslinjer (word)

Oppfinnarprisen for 2003 vart delt ut av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg (f.v.) til Ole Gunnar Søviknes, Bergen, for eit ”justerbart hengsel” som gjer det enklare å justere dører i karm. Heiderleg omtale gjekk til Ingmar Høgøy, Storebø for ”mikrokapsulert fiskefor”, små partiklar med for som erstatter levande for, og Leon Pedersen, Erdal, for eit ”maritimt reinseapparat”. Foto: Stanley Hauge.