Nytt kulturnett for Hordaland

- Det er moro å vere med på noko som fylkeskommunen får skryt for, sa fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup under opninga av det nye Kulturnett Hordaland fredag 23. september. Kulturnett Hordaland er ein felles inngangsportal på internett til kulturtilbod og informasjon om Hordaland.


Feira det nye kulturnett Hordaland: Rådgjevar i ABM, Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, Kristin Bolgård (f.v.), fylkeskultursjef Ingebjørg Astrup, redaktør for kulturnett Hordaland, Synnøve Gjermundnes og politikar Jørgen Øydvin som gjorde ein viktig jobb med å få tiltaket i gang. (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Felles kulturnett for heile landet
Nettstaden er ei teneste for publikum, tilrettelagt og finansiert av Hordaland fylkeskommune. Ideen til nettstaden kom i 1996. To år seinare løyvde fylkestinget pengar og i oktober 1998 var kulturnettet på lufta som det andre i sitt slag i Noreg. No går Kulturnett Norge saman med dei regionale netta og skaper eit stort felles kulturnett for heile landet.

Tidleg ute og langt framme
Under opninga sa, Kristin Bolgård, som arbeider med det nasjonale kulturnettet, at Kulturnett Hordaland er det første kulturnettet i Noreg som blir lansert på den nye felles plattforma for kulturnetta i landet.
- Kulturnettet skal vere noko meir enn ein vegvisar og portal, det skal vere eit opplevingssenter med tenester for eit definert publikum som er generelt kulturinteresserte og ikkje fagfolk. Det nye kulturnettet er eit samarbeid på tvers av landet og på tvers av sektorane. Brukarane skal sleppe å tenkje kvar informasjon ligg. Vi riv ned veggane mellom databasane. Vi kunne ikkje greidd dette kvar for oss, men saman greier vi det. Hordaland har alltid vore tidleg ute og langt framme, sa Bolgård.

Pionerprosjekt
Det nye kulturnettet er eit pionerprosjekt, både med kompleksitet og omfang. Det har ein felles base der det er samla store nettressursar og informasjon om kunstnarar og kulturinstitusjonar som er knytte til kvarandre. I tillegg er det tatt med meir lokal informasjon for Hordaland. Stor dugnadsånd ligg bak formidlinga på kulturnettet. Pr. i dag er det registert over 600 kunstnarar, utøvargrupper og band med tilknyting til Hordaland, om lag 300 kulturinstitusjonar, om lag 200 artiklar, nettressursar og anna i Hordaland. I tillegg har Kulturnett Hordaland ein arrangementskalender som viser over 500 arrangement i fylket éi veke framover. Alt blir presentert i ein eigen design som Mediesenteret ved Høgskolen i Bergen står bak.

Kulturnett Hordaland

Kulturnett.no

Bjarte Brask Eriksen 26.09.2005 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Telefonliste

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart