
- Vi er i rute og sluttfører arbeidet i slutten av juni neste år, fortel prosjektleiar Magnar Nesbjørg, fotografert på nordsida av Olsvikåsen videregående skole. Hovudbygningen til venstre og idrettshallen til høgre. Mellom desse går kantina som ei bru. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
7000 kvadratmeter
Skulen får eit bruttoareal på 7000 kvadratmeter og ein total kostnad på 131 millionar kroner.
- Arbeidet har gått greitt. Vi er i rute og sluttfører arbeidet i juni neste år. Det mest usikre er grunnarbeidet, men vi fekk inga store overraskingar. Resten av arbeidet reknar vi med vil gå etter planen. Anbodet på bygginga var 13 millionar kroner billegare enn kalkulert. Det førte til at byggjebudsjettet kunne reduserast frå 144 til 131 millionar kroner, og det ser ut til at vi skal greie å halde kostnaden innanfor dette, seier prosjektleiar Magnar Nesbjørg hos fylkesbyggesjefen.
Kantine bygd som bru
Skulen er delt inn i tre store einingar. Hovudbygget går nord-sør og inneheld klasserom, lærarrom og administrasjon. Aust-vest går idrettshallen. Desse to bygningane heng saman med kantina som går som ei bru mellom dei to store bygningane. Under brua og langs hovudbygningen på vestre side er skuleplassen.
- Arkitekten har mellom anna fått den gode ideen og teikna inn sitjeplassar som buktar seg langs terrenget i vest-sida av skuleplassen. Dette blir ein lang benk, mura inn i terrenget, fortel Nesbjørg.
På nordsida av idrettshallen kjem idrettsplassen.
Skulen får eige parkeringshus til 80 bilar, plassert i det nord-austre hjørnet ved administrasjonsfløya.
Den første tilsette
Olsvikåsen videregående skole skal ha 430 elevar, delt på 26 klassar og tre studieretningar: Allmenne, økonomiske og administrative fag, helse- og sosialfag, og formgjevingsfag. Vel 50 personar blir tilsett ved skulen. Den første er alt tilsett. Det er rektor Åge Rosnes, som no er elevinspektør ved Askøy videregående skole, der han også underviser i samfunnskunnskap. Rosnes skal ta til i den nye jobben 1. januar 2006 og vere med i sluttføringa av den nye skulen.
Interessant, men krevjande
Dette er det første store byggeprosjektet til Magnar Nesbjørg.
- Eg overtek jobben etter Even Evensen som vart pensjonist i fjor. Det er ein interessant og utfordrande jobb, men og krevjande, seier Nesbjørg.

Hovudbygningen til Olsvikåsen videregående skole sett frå sør.

Idrettshallen til høgre og hovudbygningen til venstre. I bakgrunnen toppen av Lyderhorn. Idrettsplassen blir plassert framfor idrettshallen.

Dette skal bli skuleplassen på den nye Olsvikåsen videregående skole. Arkitekten fekk den gode ideen å mure den lange benken som buktar seg i terrenget. Til høgre hovudbygningen, og bak kantina som skal gå som ei bru til idrettshallen.

Parkeringshuset med plass til 80 bilar ligg i det nord-austre hjørnet. Hovudbygningen går bakover mot sør.

Med sine 7000 kvadratmeter ruvar skulen i terrenget i bustadområdet i Olsvikåsen.

Åge Rosnes er
tilsett som rektor
ved skulen.