Lyngheisenteret på Lygra er tildelt kulturprisen til EU. Då dette vart markert fredag 9. september, overrekte miljøvernminister Knut Arild Hareide ei gåve på 400.000 kroner. Styreleiar Jostein Vike tok imot pengegåva.
Den europeiske kulturprisen vart overrekt i Bergen 3. juni. Landbruksminister Lars Sponheim tok imot prisen. For å markere tildelinga skipa Lyngheisenteret til eit fagseminar på Lygra 9. september der sentrale personar rundt oppbygging og drift av senteret, grunneigarar, representantar frå kommunar, fylkeskommunen, universitetet, departement og direktorat var til stades.
Miljøvernministeren gratulerte med den ærefulle prisen.
- Den er ei påskjønning til dei personane som har gjort eit framifrå arbeid i mange år. Lyngheisenteret får prisen fordi lyngheiane er ein del av ein felles europeisk arv. Lyngheisenteret er i front med å ta vare på denne kulturlandskapen. Dette er landskap som er halde i hevd i mange tusen år. For meg er det viktig å sikre mangfaldet i kulturlandskapet. Det må ikkje forfalle, sa miljøvernministeren og overrekte 400.000 kroner til skjøtsel og istandsetting av landskapet på Lygra.

På fagseminaret på Lyngheisenteret deltok mellom anna: professor ved Universitetet i Bergen og nestleiar i styret for Lyngheisenteret, Rune Nilsen (f.v.), fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, miljøvernminister Knut Arild Hareide, professor Peter Emil Kaland ved Universitetet i Bergen, dekanus Gunstein Akselberg ved Universitetet i Bergen, styreleiar for Lyngheisenteret, Jostein Vikse og professor Nils Georg Brekke. Foto: Bjarte Brask Eriksen