Internasjonalt prosjekt skal utvikle skular til lærande organisasjonar

Ekspertar frå Hordaland fylkeskommune og Litauen skal i fellesskap utvikle skular til lærande organisasjonar. I tida 14.-18. september var representantar frå Hordaland på planleggingsmøte i Vilnius.
Målet med prosjektet ”Leiing i lærande organisasjonar” er å utarbeide eit internasjonalt modulbasert kompetansehevingssystem for leiarar i lærande organisasjonar. På planleggingsmøtet i Litauen deltok representantar frå Opplæringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune, Fusa vidaregåande skule, Voss gymnas, samt Universitetet i Bergen.

Langvarig samarbeid
Sidan 1991 har Opplæringsavdelinga gjennomført skoleutviklingsprosjekt i samarbeid med skulestyresmakter i dei baltiske landa (Estland, Latvia, Litauen). I samarbeid med mellom anna det litauiske utdanningsdepartementet, det nasjonale pedagogiske etterutdanningsinstituttet i Vilnius og skulestyresmakter i Kaunas har

Rasa Bortkeviciene (Det regionale etterutdanningssenteret for lærarar i Kaunas), Svein-Erik Fjeld (Opplæringsavdelinga), Svein Rognaldsen (Universitetet i Bergen), Ieva Serapinaite (Internasjonalt arbeid/Kompetansefylket Hordaland), Annbjørg Laupsa (Fusa vidaregåande skule), Erik Sølvberg (Voss gymnas) og Steinar Thunestvedt (Opplæringsavdelinga). (Foto: Danas Bortkevicius)

Opplæringsavdelinga over dei siste ti åra avvikla ei rad skule-/leiarutviklingsprosjekt med fokus på mellom anna leiing i ein moderne skule og spesialpedagogikk. Gjennom prosjektarbeid har eit omfattande samarbeidsnettverk mellom skular i Hordaland og Litauen  blitt etablert. Skuleleiarar frå begge land har vore sterkt involverte i prosjekta. Såleis har om lag 30 prosent av rektorane i dei vidaregåande skulane i Hordaland vore aktive deltakarar i ulike prosjekt. 

Svært gode tilbakemeldingar
Opplæringsavdelinga har fått svært gode tilbakemeldingar frå dei litauiske styresmaktene om dei gjennomførte prosjekta. Dei har også uttrykt eit sterkt ønskje om eit nytt prosjekt med fokus på skoleleiing i lærande organisasjonar. Etter oppmoding frå mellom anna det litauiske utdanningsdepartementet blir eit nytt prosjekt såleis planlagt for 2006-2007.

På norsk side skal prosjektet vere ein integrert del av implementeringa av den nasjonale kompetansehevingsreforma ”Kunnskapsløftet”, som nettopp legg særlig vekt på utvikling av skular som lærande organisasjonar.

Prosjekt ”Leiing i lærande organisasjonar"
Målet med prosjektet ”Leiing i lærande organisasjonar” er å utarbeide et internasjonalt modulbasert kompetansehevingssystem for leiarar i lærande organisasjonar. Det skal innebere omsyn til mellom anna europeisk og nasjonal utdanningspolitikk, norsk og litauisk skulesystem, samfunnsutviklingstendensar, pedagogiske forskingsresultat og metodar for endringsleiing. 

Praktiske leiarutfordringar i skulekvardagen dannar grunnlag for  prosjektet. Det eit hovudmål å påverke pedagogiske praksis ved dei deltakande skulane. Dei norske skulane som skal delta, vil bli valde ut når prosjektplanen er ferdig utvikla i november månad.

Utviklingstiltak blir utarbeidde av både praktikarar og teoretikarar, dvs. leiarar frå både det norske og litauiske skulesystemet, samt ekspertar frå Universitetet i Bergen og Kaunas teknologiske universitetet. Prosjektet vil gje høve til erfaringsutveksling og vidareutvikling av lærande nettverk mellom norske og litauiske skular.

Frå litauisk side er desse instansane involverte: Utdanningsdepartementet, dei statlege institutta i Vilnius og i Kaunas, skulestyresmaktene i Kaunas og skulane frå hele Litauen.

Også den norske ambassadøren til Litauen signaliserer interesse for det nye samarbeidsprosjektet mellom Hordland fylkeskommune og skulestyresmaktene i Litauen.

Ieva Serapinaite 22.09.2005 08:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart