Fylkesutvalet krev rask fjerning av kvikksølvlasta ved Fedje

Etter forslag frå Gisle Handeland (Ap) ved Hordaland fylkesutval 22. september samrøystes ei fråsegn om rask fjerning av kvikksølvlasta ved Fedje.

Fråsegna lyder: «Fylkesutval ser med stor uro på den alvorlege trusselen kvikksølvlasta i U-864 på havbotnen utanfor Fedje representerer. Fylkesutvalet vil be om at norske styresmakter no set inn alle nødvendige ressursar i arbeidet for å fjerna, ein gong for alle, den alvorlege faren dei enorme kvikksølvmengdene i ubåtvraket medfører for menneske, for livet i havet og for norsk fiskerinæring. Det er dessverre grunn til å frykta at norske styresmakter har venta altfor lenge med å setja i verk nødvendige tiltak. Fylkesutvalet krev derfor rask og effektiv handling.»

Fråsegna vert sendt til Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet med kopi til Statens forurensingstilsyn (SFT) og Kystdirektoratet.

Les heile pressemeldinga med vedtak frå fylkesutvalet (word)

Stanley Hauge 22.09.2005 15:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart