Fylkeskulturkonferanse i Hardanger

Kulturkonferansen for Hordaland vert skipa til på Ullensvang hotell i Lofthus torsdag 27. oktober og fredag 28. oktober. Sidan 1976 har kulturadministrasjonen i fylkeskommunen kvart år skipa til denne kulturkonferansen for Hordaland. Samlinga i år vert s

Konferansen i år har kultur og næring som tema.  Eit svært aktuelt tema, som det mellom anna nyleg har kome eiga stortingsmelding om.

Ein forskingsrapport frå Østlandsforskning viser at kulturnæringane skaper verdiar for over 34 milliardar kroner, og er nesten like stor som verftsindustrien, over dobbelt så stor som jordbruk og skogbruk og tre gonger så stor som fiske. 
At kultur er kjelde til både næring og til ”ernæring”, viser det faktum at folk i Noreg no brukar meir pengar på kultur enn på mat.

Likevel kan det vera vanskeleg for mange å sjå for seg kva som finst av potensiale for kulturbasert verdiskaping i Hordaland, og korleis det kan skapast noko som gjev positive ringverknader både lokalt og i større samanheng.  På konferansen vil vi få ein del synspunkt på mogelegheiter og strategiar for utvikling av kulturbaserte næringar.  Vi vil få døme på konkrete næringsprosjekt, og på kulturtiltak som har hatt ringverknader for samfunnet og næringslivet.

PÅmeldingsfristen er 4. oktober.

Førebels program (Pdf)

Påmelding (Pdf) 

Påmelding (doc)

Dag Schroeder 29.09.2005 15:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart