Forme samfunnet slik at alle kan delta

Kva vi kan gjera i Hordaland for at flest mogleg kan delta i samfunnslivet? Det spørsmålet skal ein konferanse i Bergen 23. september freiste å gje svar på.

Konferansen blir på Hotel Norge kl. 10.00 til 15.20. Konferansen er ein arbeidskonferanse som skal kome med innspel til den nye fylkesdelplan for funksjonshemma som skal gjelde frå 2006 til 2009.

Svært mange menneske vil ha nedsett funksjonsevne i delar av livet. Korleis skal vi utforme omgjevnadene slik at flest mogleg menneske kan bruke dei utan behov for spesiell tilpassing?

Målgruppe er kommunane, politisk og administrativt, fylkespolitikarane, fylkesmannen og statsetatane, opplæringssektoren, transportsektoren, byggjebransen, reiselivsbransjen og brukarorganisasjonane.

Påmeldingsfristen er gått ut, men det er framleis høve til å melde seg på. Konferansen med lunsj er gratis.

Fleire opplysingar, program og påmeldingsskjema

Bjarte Brask Eriksen 12.09.2005 14:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart