Flott idrettshall teken i bruk i Austevoll

Idrettshallen i Austevoll er teken i bruk. Prisen er 30 millionar kroner. Hordaland fylkeskommune bidreg med 11,4 millionar kroner. - De har fått ein flott og bruksvenleg hall til ein rimeleg pris, og den rommar mykje aktivitet, sa fylkesordførar Torill S


Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg helsar frå Hordaland fylkeskommune. Ved hennar høgre side fylkesidrettssjef Tore Alfstad og økonomidirektør Johnny Stiansen. Alle foto: Per Haukeli.

Den fylkeskommunale finansieringa er på plass gjennom 9,4 millionar kroner i spelemidlar og to millionar kroner for at Fiskarfagskulen skal få rom til kroppsøving.
- Eg er glad for at fylkeskommunen har vore med på å få dette praktbygget på plass, sa fylkesordføraren.

Attraktivt å bu i alle delar av fylket
Av Fylkesdelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv går det fram at Hordaland fylkeskommune skal vera med på å utvikla gode stadkvalitetar som gjer det attraktivt å bu i alle delar av fylket. Det skal vera ei prioritert oppgåve å halda ved lag busetjingsmønsteret og utvikla det vidare, gjerne i samarbeid med næringslivet, ved å leggja til rette for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv.

Det beste alternativ
Ein idrettshall er i vårt klima det beste alternativ for slik tilrettelegging
og famnar stor brukspotensiale. Nokre kommunar har fått fylkeskommunalt tilskot til å byggja idrettshallar i tilknyting til vidaregåande skular. I tillegg til aktivitetar for Fiskarfagskulen i Austevoll vil hallen vere med på å gje eit godt tilbod om fysisk aktivitet til barn og unge etter skuletid og vere med på å halde på dei.

Glade barn, unge og vaksne
- Eg forventar no at hallen vert dagleg fylt med glade barn og unge og ikkje minst den vaksne generasjon. Målet til fylkeskommunen er eit sprekare Hordaland og tilrettelegging av anlegg til fysisk aktivitet er ei føresetnad for det.
Eg vil seie meg svært tilfreds med at Fiskarfagskulen har fått så gode høve for å driva fysisk aktivitet og takkar for godt samarbeid og ser fram til vidare samarbeid. Lukke til med anlegget og gratulere med dagen, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.



Bjarte Brask Eriksen 13.09.2005 14:17
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart