Therese M. Jørgensen, 17 år, likar å måle med varme fargar, abstrakt som Weidemann, og blande fargane, Victoria Louise Elisabeth Davidsen Titt, 20 år, er fascinert av Munch og regnbogar, mens Mette Økland, 19 år likar det figurative. I tillegg har Erling Sture Krogsrud delteke på utstillinga med bilete med rette strekar, reine og utan å blande fargane. Stor interesse - Det har hatt svært stor interesse for utstillinga. Folk har kome her heile tida, og bileta gjekk unna på ein blunk, fortel jentene.
Eigentleg hadde dei ikkje tenkt å selje bileta, men mange spurde om å få kjøpe. Prisen vart sett frå 10 kroner til 250 for dei største. Pengane skal dei bruke til felles, sosial samling. Stolt lærar Lærar Eva Budal er svært stolt av elevane sine. - Vi har gjennomført dette som eit prosjekt i ein klasse med redusert elevtal. Klassen har ikkje fagplan, men kvar elev får ein individuelt tilpassa opplæringsplan. Vi har laga mål for skulegangen. Ein dag i veka har vi sett av til prosjektarbeid og kvar fredag sidan januar i år har vi arbeidd med utstillinga, seier Budal. Topp motivasjon Elevane byrja med å måle med enkle teknikkar og så gått over på meir avanserte. Dei starta med å måle med melis, blanda med fargar, gjekk over på silkemåling og har utvikla det vidare til akryl og akvarellar.
- Dei har utvikla seg enormt. Motivasjonen har vore på topp. Vi er svært stolte over det dei har laga.
Spesielt akrylmåling var populært. Då kunne dei sitje i seks timar i strekk. Vi måtte avbryte dei, så dei kunne få seg litt mat, seier Eva Budal. |  Det er ei flott utstilling elevane ved U. Pihl videregående skole har laga: Therese M. Jørgensen (f.v.), Mette Økland, lærar Eva Budal og Victoria Louise Elisabeth Davidsen Titt.(foto: Bjarte Brask Eriksen)
 Victoria Louise Elisabeth Davidsen Titt med bilete i akryl med palmetre og regnboge.
 Mette Økland likar det figurative. Biletet oppe til høgre er måla av Erling Sture Krogsrud.
 Therese M. Jørgensen likar å måle som Weidemann og blande varme fargar.
|
 Desse bileta er måla med sagmugg.
 Melisglasur er brukt på desse bileta.
 Her har elevane brukt silke
 Victoria Louise Davidsen Titt
 Victoria Louise Davidsen Titt
 Victoria Louise Davidsen Titt
 Erling Sture Krogsrud
 Therese M. Jørgensen
 Victoria Louise Davidsen Titt
 Mette Økland
 Therese M. Jørgensen
 Victoria Louise Davidsen Titt
 Mette Økland
 Erling Sture Krogsrud
 Therese M. Jørgensen
|