665 elevar vil starte ungdomsbedrift

665 elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland deltok 15. september på ei startsamling for ungdomsbedrifter i Grieghallen. – De er modige og tenkjer rett i høve til å læra meir om etablering av bedrifter, og eg gler meg veldig til å fylgja de vidare, sa


- Vi er stolte over det som de får til i skulen, både lærarar og elevar, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.(Foto: Bjarte Brask Eriksen)

Tiltaket ungdomsbedrift vart starta i 1985, men omfanget var smålåte dei første åra. Det skaut fart frå år 2000 og i siste skuleår var 23 vidaregåande skolar i Hordaland med. Då vart nesten 100 ungdomsbedrifter etablerte og 450 elevar deltok.
 
Viktig
- I Hordaland ser vi på arbeidet med ungdomsbedrifter som viktig,

både for å følgje opp regjeringa sin plan for styrking av entreprenørskap, grundertanken i det norske samfunnet, og for å gje eit breiare tilbod om ulike metodar i undervisninga. Hordaland fylkeskommune og opplæringsavdelinga står samla bak ønskje om at arbeidet med ungdomsbedrift blir trappa opp i Hordaland. Eit av måla i fylkesplanen 2005 – 2008 er å skape kultur for entreprenørskap på alle nivå i utdanninga og at ”alle dei vidaregåande skolane skal gje tilbod om entreprenørskap”, sa fylkesordføraren.
 
Fremjar samarbeid
Evalueringa av arbeidet med ungdomsbedrift viser at lærarane meiner at arbeidet fremjar samarbeid i elevgruppa, noko som også påverkar det pedagogiske arbeidet.

Tiltakslyst og kreativitet
- Tiltaket fremjar gode verdiar som initiativ, tiltakslyst, kreativitet og samarbeid. Ungdomsbedrift egnar seg godt for fleire studieretningar, både innan allmennfag og yrkesfag. De får prøve dykk ut både i planlegging, utarbeiding av produkt, marknadsføring, økonomi og leiarskap/samarbeid. Resultat har vist at jentene har vore sterkare representert i leiinga i ungdomsbedriftene, så dette er også eit slag for likestillinga. Eg har vore heldig og fått delteke på fylkesmessa dei siste åra. Det har vore utruleg spennande å sjå mangfaldet i etableringane av ungdomsbedrifter i Hordaland, alt frå matprodukt, lys og  fiskereiskap til badehetter og partylinser. Vi i fylket er stolte over det som de får til i skulen, både lærarar og elevar. De er ein enorm ressurs for fylket, representerer framtida, og eg ønskjer på vegne av Hordaland fylkeskommune, lykke til vidare, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg til dei 665 elevane som no skal i gang med å starte elevbedrifter. 

 
665 elevar møtte fram i Grieghallen for å få informasjon om korleis dei skal kome i gang med elevbedrift.

Bjarte Brask Eriksen 15.09.2005 15:19
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart