
Naturhistorisk vegbok vil vera til stor nytte i undervisninga, meiner frå venstre: Leif Lømo (forskingsdirektør ved Norsk Hydro sitt forskingssenter i bergen), Torill Selsvold Nyborg (fylkesordførar), Jan Strønen (fungerande rektor ved Bergen katedralskole) og Bente Færøvik (seksjonsleiar for realfag ved Bergen katedralskole). Dei fekk også høve til å studera ei langt eldre bokgåve til Bergen katedralskole, nemleg Flora Danica som alle katedralskulane fekk frå Universitetet i København på slutten av 1700-talet. (Foto: Knut Egil Wang.)
Heva kunnskapsnivået
– Vi ønskjer med denne bokgåva å gjera ein innsats til å heva kunnskapsnivået og ikkje minst auka interessa for realfag i skulen. Det at ungdom i dag fattar interesse for naturressursane våre, har mykje å seia for oss med tanke på framtida på norsk sokkel, sa forskingsdirektør Leif Lømo ved Norsk Hydro sitt forskingssenter i Bergen ved overleveringa av bøkene.
Fylkesordføraren tok imot
Bøkene vart overleverte ved ei samkome på Bergen katedralskole tysdag 23. august. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg tok imot på vegner av fylkeskommunen.
Fylkesordføraren takka for den svært rause gåva frå Norsk Hydro. Bøkene vil vera ei godt og nyttig hjelpemiddel i undervisninga ved dei vidaregåande skulane, ikkje minst i natur- og realfaga, sa fylkesordføraren.
Verd 300 000 kroner
Bokgåva frå Hydro har ein verdi på kring 300 000 kr. Selskapet har vore ein avgjerande sponsor for at boka i det heile har vorte realisert.
Norsk Hydro har vore engasjert i prosjektet «Naturhistorisk vegbok – Hordaland» like sidan redaktøren for boka, William Helland-Hansen, fekk prosjektet i gang. Selskapet har sponsa boka med fleire millionar kroner.
Boktvilling
«Naturhistorisk vegbok – Hordaland» er tvillingen til «Kulturhistorisk vegbok – Hordaland» som kom ut i 1993 med Nils Georg Brekke som redaktør. Brekke har vore medredaktør også i den naturhistoriske vegboka.
Nemninga «vegbok» har av enkelte vorte mistydd i desse titlane. — I denne samanheng er omgrepet «veg» brukt som ein metafor, og då i tydinga «vegen til kunnskap», forklarte Brekke ved samkoma på Bergen katedralskole.
Ut i landskapet og inn i kunnskapen
«Naturhistorisk vegbok – Hordaland» er ei praktbok på 568 sider, med 1750 fotografi og illustrasjonar og med artiklar frå i alt 61 forfattarar.
Boka er ei reise ut i landskapet og inn i kunnskapen. Ingen andre regionar eller land har tilsvarande bokverk. – Føremålet er å få naturfagleg forsking ved Universitetet i Bergen ut frå kontora, arkiva og konferansane og fram til publikum, sa hovudredaktør, geologiprofessor William Helland-Hansen, då boka vart lansert i fjor.
I løpet va september vil alle dei 46 vidaregåande skulane til Hordaland fylkeskommune få tilsendt boka. I alt er det vel 1000 eksemplar som skal fordelast.