TV-aksjon mot kvinnevald

TV-aksjonen søndag 23. oktober skal samle inn pengar til kamp mot vald mot kvinner. Innsamlinga har fått namnet Drømmefanger og er 32. gongen NRK har TV-aksjon. Dei innsamla pengane går til FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål) og skal delast ut


Mona Helen Tveit (t.v.) er byaksjonsleiar i Bergen og Åse Meistad er fylkesaksjonsleiar i Hordaland for TV-aksjonen søndag 23. oktober. (Foto: Stanley Hauge)

Høve til å skape eit godt liv
FOKUS er ei brei samanslutning av 65 kvinneorganisasjonar i Noreg. Desse organisasjonane arbeider for ei verd utan vald mot kvinner. Saman arbeider dei for at den enkelte kvinne skal kunne vakne opp kvar morgon til ein kvardag utan vold, og at kvinner verda over skal få høve til å skape eit godt liv for seg og sine.

Lokale kvinneorganisasjonar
Dei innsamla midlane skal gå til prosjekt drivne av lokale kvinneorganisasjonar i Asia, Afrika, Latin-Amerika og Sør- og Aust-Europa. Pengane skal brukast i kampen mot kvinnevald innan fire temaområde: a) kvinner i og etter krig og konflikt, b) handel med kvinner, c) omskjering av jenter og d) vald i nære relasjonar.

Kvar 3. kvinne utsett for vald
I verda i dag blir kvar tredje kvinne utsett for mishandling, seksuelle overgrep eller andre formar for vald. Vald mot kvinner er så utbreidd at Verdsbanken meiner den utgjer eit globalt helseproblem på nivå med kreft og aids. Mange engasjerte kvinner og menn har bidrege til å få fram kor omfattande og alvorleg situasjonen er. Gjennom TV-aksjonen Drømmefanger kan det norske folket vise at det ønskjer å vere med å bidra til ei verd der vald og frykt er blitt erstatta av tryggleik og håp.

Meir informasjon om TV-aksjonen hos FOKUS

NRKs TV-aksjonssider

Bjarte Brask Eriksen 17.10.2005 13:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart