Planleggje for det gode liv i Hordaland

Kommunane i Hordaland skal planleggje slik at innbyggjarane kan få eit godt liv. Då fylkesordførar Torill Selvold Nyborg opna kommuneplankonferansen sa ho at ein føresetnad for det gode liv er at den enkelte kan ta ansvar og ha påverknad. Den årlege kommu


Assisterande fylkesmann Johan B. Synnevåg og fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg opna kommuneplankonferansen.

Den gode strid
Fylkesordføraren stilte spørsmålet om korleis kommunane kan legge til rette for det gode liv.
- Kva som skal vektleggast, skal brytast i den gode strid, svara fylkesordføraren.
Eit område det er strid om er utbygging i strandsona.
Assisterande fylkesmann, Johan B. Synnevåg, sa at fylkesmannen i Hordaland vil følgje ei strengare linje i kystsona.
- Det er eit sterkt utbyggingspress i strandsona og Hordaland er på topp i dispensasjonar mot byggjeforbodet. Vi må ta på alvor nasjonal plan mot bygging i 100 metersbeltet. Fylkesmannen vil følgje ei strengare linje. Vi vil ha fokus på ulovleg hyttebygging i strandsona. Dette bryt ned respekten for lova. Ansvaret ligg hos det enkelte kommunestyre som må finne fram til gode løysingar, sa assisterande fylkesmann Johan B. Synnevåg.

Handlingsrom, men ikkje god økonomi
Varaordførar i Stavanger, Bjørg Tysdal Moe, fortalde om ein kommune med handlingsrom og som mange trudde hadde god økonomi.
- Men vi har ikkje god økonomi. Då vi fekk reduserte skatteinntekter i 1998, måtte vi kutte i utgiftene.
 Tysdal Moe sa at Stavanger likevel har kome bra ut av nedskjeringane mellom anna fordi kommunen har fått betre utnytting av ressursane gjennom mange interkommunale selskap.

Grøn kommune
For å sikre det gode liv satsar Stavanger på å bli den grøne kommunen.
 - Det er viktig å ha grøntareal rundt omkring i kommunane. Vi har satsa på utbygging av turstiar og sykkelvegar, og dei siste åra har vi brukt 36 millionar kroner på 1000 dekar, sa Bjørg Tysdal Moe.

Bjarte Brask Eriksen 25.10.2005 15:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart