Nytt elektronisk billettsystem i Hordaland i 2007

Hordaland fylkeskommune har inngått kontrakt med det tyske selskapet Atron om nytt elektroniske billetteringssystem til kollektivtrafikken med buss og båt i Hordaland. Det nye systemet skal vera i full bruk hausten 2007. Eit pilotprosjekt vert sett i gang

Kontrakten om det nye billetteringssystemet vart underskriven av fylkesrådmann Paul M. Nilsen (til høgre på biletet)) og direktør Anton Tomov i Atron (til venstre på biletet) på Bergen Airport Hotel måndag 31. oktober.  Direktørane for dei to største ruteselskapa var  også til stades ved kontraktinngåinga. Til venstre bak er adm. dir. Bjørn Ove Børnes i HSD buss og til høgre konsernsjef Arne Buanes i Gaia Trafikk AS.

Meir effektivt billettsystem
Det nye billetteringssystemet skal avløysa dagens system som har vore i bruk sidan 1987. Det nye systemet skal gje raskare billettering. På Busstasjonen i Bergen og på terminalar og busstopp med stor trafikk vil det verta montert billettmaskiner for kjøp av billettar før passasjerane stig på bussen. Det vil også vera høve til kjøp av periodekort, og andre korttypar på internett.

Fylkeskommunal fellesdel
Det nye billetteringssystemet skal takast i bruk av alle rutelaga i Hordaland og skal nyttast både på bussar, ekspressbussar og snøggbåtar. Fylkeskommunen står som eigar av fellesdelen av systemet. Heile prosjektet har ei kostnadsramme på ca. 75 mill. kr eks. mva. Fellesdelen utgjer om lag tredjedelen av dette.

Atron
Kontrakten med Atron omfattar levering av det nye billetteringsustyret med programvare.

Atron er eit tysk selskap med hovudkontor i München. Kontrakten med Hordaland fylkeskommune er den første for selskapet i Noreg. I tillegg til leveransar  til mange selskap i Tyskland, har Atron levert utstyr til ei rekkje land i Europa. Meir enn 200 transportselskap med 30 000 køyretøy nyttar systema deira.

Noregskontor
I samband med at Atron har fått kontakten i Hordaland er det aktuelt for selskapet å oppretta eit prosjekt- og servicekontor i Noreg.

Stanley Hauge 31.10.2005 16:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart