
Hardanger fiskehelsenettverk er tildelt Hordaland fylkeskommune sin miljøpris. Frå venstre: Rune Stigum Olsen, leiar i kultur- og ressursutvalet, Georg Indrevik- som delte ut prisen, Ragnhild Haaland Malkenes og Øystein Brekken. (Foto: Stanley Hauge)
Prisen som er på kr 35 000 vart tildelt Hardanger fiskehelsenettverk under Hordaland fylkesting sitt møte i Bergen onsdag 12. oktober. Leiar i kultur- og ressursutvalet Georg Indrevik stod for utdelinga.
Vesentleg trugsel
Ved tildelinga sa Indrevik at luseangrep vert rekna som ein vesentleg trugsel for stammane av villaks og sjøaure. Oppdrettsnæringa har til no fått mykje av skulda for at villaksen er truga, då det er lett å få oppblomstring av lakselus i anlegga. Med mange oppdrettsanlegg er Hardangerfjorden særleg utsett for større konsentrasjonar av lakselus, og for få år tilbake var det mykje lus i fjorden.
Stoda betra seg monaleg
– Men etter at Hardanger fiskehelsenettverk vart stifta og arbeidet kom i gong for alvor har stoda betra seg monaleg. 2004 var det første heile året med ekstra tiltak mot lakselus i regi av nettverket, og dette var også det første året på lenge at det vart registrert mindre lakselus på villfisk i Hardanger enn på dei fleste andre stader i Hordaland, sa utvalsleiar Indrevik.
Eldsjel
– Rune Stigum Olsen er ei eldsjel i dette nettverket, og har med sine foredrag inspirert oppdrettarar til å delta i arbeidet, og har samstundes medverka til auka forståing mellom oppdretts- og villfiskinteresser. Suksessen med nettverket vert lagt merke til, og likande nettverk er no etablert i Nordhordland, sa Indrevik då han overrekte prisen.
Luseproblema tekne på alvor
Indrevik heldt fram: – Det er viktig for fylkeskommunen at luseproblema i oppdrettsnæringa vert tekne på alvor, og vi støttar alt eit prosjekt som går på bruk av reinsefisk for å redusere lus i oppdrettsanlegga, og eit prosjekt med registrering av lus på sjøaure. Det er difor svært gledeleg å sjå dei gode resultata som Hardanger fiskehelsenettverk har oppnådd med målretta innsats.
– Om det skal vere rom for både villfisk og oppdrett i Hardangerfjorden i framtida er det viktig å ikkje kvila på laurbæra no. Eg voner denne miljøprisen kan medverke til at nettverket vert inspirert til å halda fram med det gode arbeidet, sa leiar i kultur- og ressursutvalet Georg Indrevik.
14. gong
Hordaland fylkeskommune sin miljøpris har vore delt ut kvart år sidan 1992. I år vart prisen delt ut for 14. gong. Det kom i år inn forslag på ni kandidatar til prisen. Forslaga hadde stort spenn både geografisk og tematisk.