Kvikksølvlasta ved Fedje må fjernast no

Når Kystverket innan kort tid vil ha klar rapport om tilstanden for U-864, last og sediment, må regjeringa straks setja i verk dei tiltak som skal til for å fjerna kvikksølvet og heva ubåten. Fram til vraket kan hevast, må det overvakast nøye – m.a. må kv

Forslaget til fråsegn var sett fram av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen (H).

Etter fylkestinget si meining må fjerning av kvikksølvlasta i U-864 utanfor Fedje verta miljøsak nr. 1 for den nye regjeringa. 
 På bakgrunn av den uro og uvisse som rår i denne saka, ber Hordaland fylkeskommune om eit møte med Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet, der også Kystverket og Statens forurensingstilsyn deltek, for å få lagt fram regionen sine synspunkt – og for å få informasjon frå dei ansvarlege instansar om kva som vil verta gjort.
 
Fråsegna lyder:
«Fjerning av kvikksølvlasta i U-864 utanfor Fedje må verta miljøsak nr. 1 for den nye regjeringa. Ynskje om møte med departementa.

Fylkestinget i Hordaland meiner fjerning av kvikksølvlasta og heving av U-864 utanfor Fedje må verta ei topp prioritert miljøsak for den nye regjeringa.

Når Kystverket innan kort tid vil ha klar rapport om tilstanden for U-864, last og sediment, må regjeringa straks setja i verk dei tiltak som skal til for å fjerna kvikksølvet og heva ubåten. Fram til vraket kan hevast, må det overvakast nøye – m.a. må kvikksølvinnhaldet i sjøen kring Fedje målast jamleg og ofte.

Hordaland fylkesting er merksam på at kostnadene med hevinga kan verta store, men vi kan ikkje lenger ta risikoen på å venta. U-864 inneheld om lag 65 tonn kvikksølv i behaldarar som er rekna å ha ei levetid på 60 år – like lenge som ubåten har lege i havet ved Fedje. Dette faktum åleine understrekar at vi ikkje har tid å mista.

Regjeringa må syta for at naudsynte midlar vert løyvde til operasjonen. Tek vi ikkje kostnaden no, gamblar vi med miljøet i det viktige spiskammeret som havet vårt er. Vi har ikkje lov eller råd til å venta – då kan prisen fort verta meir enn eit spørsmål om pengar.

På bakgrunn av den uro og uvisse som rår i denne saka, ber Hordaland fylkeskommune om eit møte med Fiskeri- og kystdepartementet og Miljøverndepartementet, der også Kystverket og Statens forurensingstilsyn deltek, for å få lagt fram synspunkta våre – og for å få informasjon frå dei ansvarlege instansar om kva som vil verta gjort.»

Stanley Hauge 14.10.2005 08:44
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart