Kurs i leiing av plan- og utviklingsarbeid

Korleis kan vi bli betre til å leie planprosessar? Hordaland fylkeskommune, Bergen kommune og Fitjar kommune arrangerer i fellesskap eit kurs i prosessleiing for plan- og utviklingsarbeid retta mot tilsette på kommunalt og regionalt nivå i Hordaland.

Kommunane driv plan- og utviklingsarbeid innan ulike sektorar og på alle nivå. Gode prosessar og effektive arbeidsmåtar er avgjerande for eit tenleg resultat.  Kommunenes Sentralforbund har i samarbeid med fleire departement utvikla eit kurskonsept for å møta desse utfordringane.  Fylkesmannen i Hordaland gir økonomisk støtte til kurset.  Utviklingskompetanse as står for gjennomføringa i eit samarbeid med relevante fagmiljø nasjonalt og lokalt.  

Dette er dei praktiske rammene for kurset:

Tidspunkt:  6. og 7.desember, 24.- 26.januar og 20. og 21 mars.

Fagleg innhald: Dialogbasert plan- og utviklingsarbeid, kreativitet og kreativ problemløysing, leiing av plan- og utviklingsarbeid.  Opplæringa vil ta utgangspunkt i pågåande/planlagt arbeid i kommunane.

Målgruppe: Alle som er involvert i planlegging i kommunane.

Kostnader: Deltakaravgifta er kr 6000.  I tillegg  kjem eventuelt reise/ overnatting innan Hordaland.  Fylkesmannen dekkjer denne gongen halvparten av totalkostnadane som er kr 12000 pr deltakar.  Samfunnsviterforeningen i Hordaland har vore ein pådrivar for å få i gang kurset og dekkjer delar av kostnadane for sine medlemer (kontaktperson er Rune Jenssen, Bergen kommune)

Kursbevis: Deltakarane vil få dokumentert fullført kurs og kan om ynskjeleg avleggja eksamen ved Distriktshøgskolen i Volda.

Påmelding er til Hordaland fylkeskommune på tilsendt skjema. Deltakartalet er begrensa.

Det vil bli utarbeidd detaljert program.

Invitasjon, påmeldingsskjema og kursomtale

Påmeldingsfrist er 4. november 2005.

Gå til kurs- og konferansesida

Liv Sundheim 20.10.2005 15:29
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart