Ragna Breivik sin teppeserie om Åsmund Frægdegjeva skal stillast ut ved Vesterheim Norwegian-American Museum i Decorah, i staten Iowa i USA. Utstillinga vert opna fedag 21. oktober kl. 19.00 av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
Vesterheim Norwegian-American Museum er eit velrenommert museum som formidlar norsk kulturarv og folkekunst over eit vidt spekter. I dagane 21.-23. oktober skipar museet til ein stor konferanse om norsk veving og tekstilar.
Teppeserie
Hordaland fylkeskommune eig serien med ti teppe om Åsmund Frægdagjeva av Ragna Breivik. Teppa er til vanleg permanent utstilte på Hordamuseet.
Før dei vart pakka og sende til USA vart det føreteke ei større reinsing og restaurering av teppa. Hordaland fylkesutval har løyvd 100 000 kr til dette. og Vesterheim Norwegian-American Museum ytte tilsvarande sum.
Vesterheim Norwegian-American Museum
Etter nærare 30 års permanent utstillingstid, trong biletteppa å konserverast slik at dei ikkje vert varig forringa. Vesterheim Norwegian-American Museum var svært imøtekommande for å få til utstillinga i USA. Dei kostar transport og forsikring i tillegg til at dei har gått inn med økonomiske midlar til konservering av teppa.
Konferanse
Direktør ved Hordamuseet, Therese Hauger, er mellom dei som skal ha føredrag på den tre dagar lange konferansen ved Vesterheim Norwegian-American Museum. Føredraget hennar har tittelen »Norwegian Applied-Art-Textiles, 1945-2000.»
Marta Kløve Juhl frå Indre Arna skal ha føredraget «Voss Ryer: Traditional Bedcover and Contemporary Art».
Les meir om konferansen i Decorah.
Program for konferansen.