Gledeleg at bruk av naturgass aukar

- Auka bruk av naturgass er eit viktig satsingsområde for Hordaland, og ei av dei føreslegne fanesakene i fylkesplanen. Det er gledeleg å sjå at bruk av naturgass no breier om seg i nær sagt alle delar av fylket. Utfordringa er å leggje tilhøva til rette


- Målet må vere at det snart kan leggast røyrleidningar rundt om i fylket for distribusjon av naturgass, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen. (foto: Stanley Hauge)

Fylkesvaraordføraren, som leier denne fylkestings-samlinga, sa at det er bygt mottaksanlegg for naturgass fleire stader i fylket og det blir arbeidd med å etablere fleire nye anlegg.

Heller røyrleidning
- Gassen blir i dag transportert til brukarane med båt eller bil, men målet må vere at det snart kan leggast røyrleidningar rundt om i fylket for denne distribusjonen.
I samband med dette er røyrleidningen frå Kollsnes til Mongstad knytta til planane for det nye energiverket på Mongstad svært viktig. Vårt ufråvikelege krav til operatøren Statoil må vere at røyrleidningen blir bygd med ein storleik på 12 tommar, slik at den framtidige trongen for naturgass i Nordhordlandsregionen blir dekka. 

Det første steget
Fylkesvaraordføraren ser på røyrleidningen som det første steget mot å leggje det såkalla Vestlandsrøret frå Mongstad via Kollsnes og sørover langs Hordalandskysten til Rogaland.
- Dette er ei sak som vi i Hordaland fylkeskommune skal engasjere oss i og arbeide for at skal bli ein realitet om ikkje lang tid. I Rogaland har Lyse Energi vist at eit slikt prosjekt lar seg realisere, berre ein er villig til å satse. Dette kan vi få til i Hordaland og, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i talen sin.

Les heile talen til fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen under opninga av Hordaland fylkesting

Bjarte Brask Eriksen 11.10.2005 15:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart