Ut frå meldinga frå Statnett ser det ut til at ei 420kV luftline Sima-Samnanger ikkje kan realiserast utan at det vil få vesentlege negative konsekvensar for det verdifulle natur- og kulturlandskapet i Hardanger. Fylkesutvalet meiner det difor er heilt n
Sjøkabling
Sjøkabling må utgreiast som eit fullstendig hovudalternativ med alle dei opplysningar og vurderingar som er naudsynt for konsesjonshandsaming. Det bør vurderast ulike ilandføringsstader, der kabelløysing i kombinasjon med vegutbetring/tunnelprosjekt gjennom Kvam/Samnanger bør inngå som alternativ til luftline, meiner Hordaland fylkesutval.
Begge punkta som er nemnde ovanfor vart vedtekne samrøystes.
Åsen-Samnanger
Fylkesutvalet ynskjer også at Åsen-Mauranger-Samnanger vert analysert nærare. (Vedteke mot tre røyster (SV, V).)
Turisme og reiseliv
Fylkesutvalet vedtok samrøystes: «I tråd med dei fylkespolitiske retningslinene bør konsekvensutgreiinga innehalde visualisering av større inngrep, samt synleggjere i kart område som er omfatta av vern, område med nasjonal og regional verdi og tiltaket sine konsekvensar for «inngrepsfrie område» saman med aktuelle traseval. Visualisering må gjerast for ulike opplevingsposisjonar og høgder.
Fylkesutvalet meiner at turisme og reiseliv må inn som eige tema i konsekvensutgreiinga.»
Fleire vedtak i fylkesutvalet 27. okt. 2005 (pressemelding)