Fylkeskommunen ein tydlegare og meir aktiv regional utviklar

- Etter mi vurdering har Hordaland fylkeskommune på ein god måte følgt opp utfordringa om å bli ein tydlegare og meir aktiv regional utviklar. Dette viser seg mellom anna ved at vi set av ein god del eigne midlar til regional utvikling, i tillegg til dei

Styve sa at både kva saker fylkeskommunen engasjerer seg i og arbeidsmåtar har endra seg mykje dei seinare åra. Vidare har fylkeskommunen i monaleg grad utvida sine samarbeidsnettverk og partnarskap.

Samlande leiaransvar
- Fylkeskommunen skal ta eit samlande leiaransvar for utviklinga i fylket.


- Fylkeskommunen arbeider mykje meir utoverretta enn tidlegare, sa fungerande fylkesrådmann Jan Per Styve. (foto: Stanley Hauge) 

Dette inneber at vi må engasjere oss ut over dei saksfelta fylkeskommunen har formelt ansvar for. Nettopp derfor er det slik at vi mykje oftare enn før blir kontakta av næringsliv, kommunar, organisasjonar og kunnskapsmiljø som ber fylkeskommunen engasjere seg i deira saker.

Samfunnsutviklar
Styve la vekt på at fylkeskommunen har gått frå å vere primært myndigheitsutøvar til å bli samfunnsutviklar.
- Dette inneber mellom anna at fylkeskommunen arbeider mykje meir utoverretta enn tidlegare, i nært samspel med eksterne partar som næringsliv, kommunar, organisasjonar og kunnskapsmiljø. Svært ofte blir sakene til gjennom drøftingar og samarbeid med eksterne partar. Det ”rette” eller ”gode” svaret i ei sak kan ikkje lenger utviklast innanfor lukka dører i fylkeshuset. Og tilsvarande synest det som at dei politiske prosessane knytt til enkeltsaker i stor grad inneber samråd med eksterne partar, sa fungerande fylkesrådmann Jan Per Styve.

Les heile talen til fungerande fylkesrådmann Jan Per Styve under opninga av Hordaland fylkesting

Bjarte Brask Eriksen 11.10.2005 15:13
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart