FN-rollespel: ein diplomatiskole for framtidsleiarar

I høve FN sin 60-årsdag, arrangerte FN-sambandet Vest i dagane 21. – 24.oktober eit rollespel - ”Nordic Model UN ”- i Bergen. 100 representantar frå nordiske land og Litauen fikk høve til å spele verdsleiarar og FN-diplomatar.

Deltakarar frå Litauen kom til Bergen som eit resultat av samarbeidsavtalen mellom Hordaland fylkeskommune og Kaunas by. ”Det er spesielt viktig at ungdommar frå Litauen deltar i FN-rollespill. Dette symboliserer et forent Europa”, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen i opningstalen sin.  

«Forhandlingar på høgt nivå»
21-24. oktober vart det halde intense forhandlingar og diplomatiske drøftingar på høgt nivå. For å simulere autentiske situasjonar, fekk deltakarane utdelt scenarium som presenterte dilemma som måtte løysast internasjonalt: ein global kamp mot terrorisme og ei humanitær krise i Darfur–området i Sudan.
 Ved hjelp av formelle debattar i salen og alliansebygging i pausar, skulle deltakarane komme fram til ein FN-resolusjon. Som ekte diplomatar måtte deltakarane førebu talar, presentere sine lands posisjonar, fremje sine synspunkt, finne alliansepartnarar og stemme for forslaga frå kvarandre. Diskusjonane føregjekk i høve til gjeldande reglar, prosedyrar og til og med språk – fullt av diplomatiske utrykk og fraser!
 
Rollespel
Rollespelet viste at det ikkje alltid er lett å bli samde i eit globalt samfunn. Delegasjonar hadde ulike forslag om korleis internasjonal fred og tryggleik skal sikrast. Dei internasjonale forhandlingane var kompliserte og det var ikkje enkelt å komme til ein resolusjon når land med svært forskjellige ståstadar skulle samhandle.

Inspirerande
Då dei vart spurde om spelet var interessant, svarte deltakarane at å lære om FN og internasjonalt samarbeid på denne måten var inspirerande og gøy. Det var eit fantastisk høve til å forstå korleis internasjonale konfliktar oppstår og korleis ein kunne prøve å løyse dei på ein fredeleg måte. Det var ein svært kunnskapsrik og engasjerande diplomatiskole for framtidsleiarar.

Ieva Serapinaite 24.10.2005 15:27
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart