
Vestlandsrøyret del 1
Fylkesutvalet ser på røyret Kollsnes-Mongstad som det første steget mot det framtidige Vestlandsrøyret. Det må dimensjonerast til minst 12 tommar for å møta framtidige behov og førebuast for vidareføring sørover og nordover langs vestlandskysten, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak. Dette punktet vart vedteke med 13 (H, FrP, KrF, Sp, Ap, V) mot 2 (SV) røyster.
Viktig for heile Hordaland
Kraftvarmeverket på Mongstad er særs viktig både for Nordhordlandsregionen og for heile Hordaland. Fylkesutvalet rår difor til at det vert gjeve konsesjon for kraftvarmeverket på Mongstad. Fylkesutvalet føreset at kraftvarmeverket vert førebudd for CO2-fanging så raskt dette er teknologisk mogeleg. Det er vidare ein føresetnad at staten bidrar økonomisk for å realisera dette. (Vedteke med 12 (H, FrP, KrF, Sp, Ap) mot 3 (SV, V) røyster.)
Avgreining til Kollsnes
Fylkesutvalet vil rå til at røyrtrase 1B vert valt over Øygarden, og at det vert lagt til rette for avgreining for forsyning til Naturgassparken på Kollsnes. Naudsynte trasejusteringar ut frå kulturminneomsyn vert gjort i samband med reguleringsplan. (Samrøystes.)
SV og Venstre
Når det gjeld krav til CO2-fanging, røysta SV og V for eit eige forslag. SV og Venstre ville at fylkesutvalet skulle krevja at kraftvarmeverket vert bygd med CO2-fanging frå starten. Forslaget fekk tre røyster (SV, V) og fall.
Fleire vedtak i fylkesutvalet 27. okt. 2005 (pressemelding)