Frå underskot til økonomisk kontroll
Den økonomiske situasjonen for Hordaland fylkeskommune er endra frå underskotsposisjon til økonomisk kontroll dei siste åra. Rekneskapen for 2004 viste for fyrste gong på mange år overskot. Rekneskapsprognosen etter 2. tertial tyder på at det i 2005 også går mot overskot i fylkeskommunen sin rekneskap.
2006 eit vendepunkt
Fylkesrådmannen meiner difor at 2006 kan verta eit vendepunkt der ein går frå ein negativ underskotsspiral til ein positiv spiral med driftsmidlar til finansiering av investeringar. Handlefridomen er dermed på mange måtar attvunnen, heiter det i budsjettgrunnlaget for 2006 som fylkesrådmannen la fram 4. oktober.
Handlefridom attvunnen
I budsjettgrunnlaget har fylkesrådmannen sett av 50 mill. kr av driftsmidlane til å finansiera investeringar. «Dette er viktig å merka seg når ein skal vurdera den økonomiske utviklinga for Hordaland fylkeskommune. Det er svært mange år sidan det har vore mogeleg å budsjettera med driftsmidlar til finansiering av investeringar. Dette understrekar på ein god måte kor viktig det er å koma ut av underskotsposisjonen ein har vore i. For 2006 maktar ein å nytta om lag same sum som dei siste åra har gått til underskotsdekking, til å finansiera investeringar. Dette lettar igjen behovet for lånemidlar og dermed på sikt rente- og avdragsbelastninga,» skriv fylkesrådmannen.
Årsbudsjett 2006 på 3,6 milliardar kr
Budsjettgrunnlaget for 2006 har ei samla driftsramme på 3 461 mill. kr. Skatteinntekter og rammetilskot er på 2 845 mill. kr, inntekter på dei ulike tenesteområda utgjer 604 mill. kr og renteinntekter 13 mill. kr.
I budsjettgrunnlaget er det rekna med 3 256,6 mill. kr til drift av dei ulike tenesteområda, 134,8 mill. kr til renter og avdrag på lån, 50 mill. kr i driftsmidlar til investeringar, 15 mill. kr til Hardangerbrua og 5 mill. kr i avsetjingar. Samla utgifter er dermed 3 461 mill. kr. Investeringsbudsjettet for 206 er på 225,4 mill. kr.
Driftsbudsjettet fordeler seg slik: Utdanning 1 857,8 mill. kr (57 %), samferdsel 572,9 mill. kr, tannhelse 185,6 mill. kr, kultur 171,0 mill. kr, regional utvikling 142,9 mill. kr, politiske organ og administrasjon 174, 6 mill. kr, fellesfunksjonar 66 mill. kr og lønsavsetjingar m.m. 85,7 mill. kr.
Sentrale punkt i budsjettet
I budsjettgrunnlaget for 2006 og økonomiplanen for 2006-09, legg fylkesrådmannen mellom anna opp til:
— 32 mill. kr til heilårsdrift av dei nye klassane som vart oppretta hausten 2005, pluss 18 mill. kr til nye klassar frå hausten 2005.
— Olsvikåsen videregående skole opnar hausten 2006
— 1 mill. kr meir til skulebiblioteka
— Lønsbudsjetta til vidaregåande skular vert kutta med 15,8 mill. kr (ca. 1,3 %) i høve til budsjettering med alle tillegg
— 9 mill. kr i innsparing ved felles undervisning i visse fag for yrkesfagklassar
— Takstfrys – ingen auke i billettprisane for reiser med buss og båt, billettprisane vert dei same for fjerde året på rad
— Vel 4 mill. kr meir (realvekst på 3 mill. kr) til vedlikehald av fylkesvegar
— Løyvinga til drift av Tusenårsstaden i Hardanger vert auka med 1 mill. kr til 2,3 mill. kr
— Tilskot til fylkesidrettsanlegg aukar med 1 mill. kr til 3,2 mill. kr
— 650 000 kr i tilskot til båthall ved Hordamuseet
— 3 mill. kr til nye satsingar innan regional utvikling
— 3 mill. kr til registrering av fylkeskommunen sin bygningsmasse for langsiktig planlegging av vedlikehald
— 1 227 mill. kr til investeringar i perioden 2006-09
— Tilbygg Åsane gymnas ferdig i 2007. Tilbygg til Knarvik vidaregåande skule ferdig i 2008. Ny vidaregåande skule på Sørås ferdig i 2009.
— 254 mill. kr til Jondalstunnelen i 2006-09
Årsbudsjett 2006 og økonomiplan 2006-09
Samandrag av budsjettgrunnlag 2006 (pdf)