I oktober 2005 passerte 314 532 køyretøy over Nordhordlandsbrua, eller 10 146 per døger. Dette er ein auke på 3,0 % i høve til oktober 2004.
Dei ti første månadene i år har 3 054 306 køyretøy passert brua, og trafikkauken dei ti første månadane i år er på 4,6 %.
Sidan brua vart opna 22. september 1994 har det passert 32 735 565 køyretøy.
Restgjelda på Nordhordlandsbrua er på 55 mill . kr.
I tillegg til lånegjelda må ein krevja inn bompengar til tilbakebetaling av klippekort og til rydding av området på Flatøy der bompengestasjonen ligg.