Statens pensjonskasse tek «Haga-veksten»

Statens pensjonskasse (SPK) krev no Hordaland fylkeskommune for 40 mill. kr meir i pensjonspremie for 2005 enn det som vart varsla i april i år. Samla aukar pensjonskostnadene for fylkeskommunane med om lag ein halv milliard kroner. – Tilleggskravet frå

Krev over 40 prosent meir
– Tillegget frå SPK vil få vesentlege konsekvensar for økonomien vår både i 2005 og neste år. For Hordaland fylkeskommune vil det nye – og over 40 % høgare kravet frå SPK – forverra rekneskapen for 2005 med 40 mill. kr og vi må finna plass til ein nesten tilsvarande sum på budsjettet for 2006, seier Selsvold Nyborg.

Tilleggskravet frå SPK vart varsla i brev som fylkeskommunen mottok 27. oktober. Samla vert pensjonskostnadene for Hordaland fylkeskommune i SPK ca. 137 mill. kr i år.

Kritisk til SPK
Det er svært beklageleg at SPK kjem med så store uventa påplussingar i pensjonskostnadene berre to månader før rekneskapsåret skal avsluttast. Avviket i høve til meldinga vi mottok i april er så stort at det er grunn til å stilla spørsmål ved seriøsiteten i prognosen vi då fekk, heiter det i brevet fylkesordførar Selsvold Nyborg har sendt statsråd Haga.

Tek varsla vekst
I brevet til KRD skriv fylkesordførar Selsvold Nyborg:
 «På bakgrunn av den nye regjeringa sitt opplegg for styrking av økonomien til kommunar og fylkeskommunar, ser vi fram til noko romslegare rammer for fylkesøkonomien. Det nye kravet frå SPK vil truleg langt på veg nulla ut denne varsla veksten i fylkeskommunane sine inntekter for 2006.»

Ber statsråden ta omsyn
«Eg ber om at kommunal- og regionalministeren tek omsyn til den store auken i pensjonskostnadene til SPK ved fordelinga av budsjettrammene og i den endelege budsjettbehandlinga for 2006, heiter det til slutt i brevet frå fylkesordførar Selsvold Nyborg.»

Stanley Hauge 01.11.2005 14:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart