Fylkesrådmannen vil inngå kontrakt med fylgjande operatørar/selskap når det gjeld drift av snøggbåtrute frå 1. januar 2007:
Sunnhordland 2/35 knop
Lokalrute i Sunnhordlandsbassenget og regionalrute Leirvik-Bergen
Oppdraget blir gitt til: Selskap under stifting v/ HSD Sjø/ Fjord 1 FSF
Austevoll 2/35 knop
Lokalrute i Austevoll og ettermiddagstur regionalrute Bergen-Rubbestadneset
Oppdraget blir gitt til: Selskap under stifting v/ HSD Sjø/ Fjord 1 FSF
Kvinnherad C/35 knop
Regionalrute Rosendal-Os-Bergen
Oppdraget blir gitt til: L. Rødne & Sønner AS
Alle anbydarane er i dag informert om avgjerda, og dei har frist til 9. desember 2005 til å koma med eventuelle merknader. Kontraktane vil deretter verta inngått.
Tildelingskriterium
Fylkesrådmannen har vurdert anbydarane i høve til ei rekkje tildelingskriterium som var med i anbodsgrunnlaget: pris i driftsperioden og ved forlenga periode, fartøy, evne til å levera, pris for auke eller reduksjon i ruteproduksjonen og tryggleik og kvalitetssikring.
Evalueringa av anboda har vist at det er noko skilnad anbydarane i mellom med omsyn til evalueringskriteria som omhandlar kvalitative vurderingar.
Pris vesentleg
Pris har vore vesentleg for val av leverandør, men fylkesrådmannen presisert at det er lagt ei totalvurdering til grunn med omsyn til kva anbod som er det økonomisk mest fordelaktige for fylkeskommunen.
Ved tildelinga innan alle dei tre ruteområda er det anbydaren med lågast pris som er valt. Når det gjeld ruteområde Sunnhordland, vart eitt anbod avvist fordi det var teke atterhald som ikkje var prisa.
Årleg tilskot på vel 38 mill. kr
For Hordaland fylkeskommune vil det årlege tilskotet til dei tre ruteområda verta på til saman 38,2 mill. kr. Tilskotet fordeler seg med 19,78 mill. kr til Sunnhordlandsrutene, 7,39 mill. kr til Austevollsrutene og 10,47 mill. kr til ruta Rosendal-Os-Bergen.
Femårsperiode
Driftsperioden anboda gjeld for er fem år frå 1. januar 2007, det vil seia til utgangen av 2011. Avtalane gjev også fylkeskommunen høve til å lengja avtalane med to år ut over dette. Samla kontraktsum for femårsperioden vert på vel 190 mill. kr.
Alle båtane som skal nyttast skal ha 35 knops fart. Selskapa som er tildelt anbod, legg opp til å nytta nye fartøy i alle rutene.
I selskapet som HSD Sjø og Fjord 1 FSF har under skiping, skal HSD Sjø eiga 75 % og Fjord 1 FSF 25 %.