
Under opninga av Senter for yrkesrettleiing i Hordaland deltok mellom anna, fylkesarbeidssjef Tommy Johansen (f.v.), fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som får blomster av prosjektmedarbeidar ved senteret Anne-Kathrin Thomassen, fungerande prosjektleiar Tore Muren og fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
Må kunna omstille seg raskt
Senter for yrkesrettleiing i Hordaland vart offisielt opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
- Aldri før har me hatt så mange utdanningsvegar og yrke å velja mellom som i dagens samfunn. Samstundes er det slik at i arbeidslivet skjer det større og raskare endringar enn nokon gong tidlegare. Større krav til effektivsering og stor trong for endra og ny kompetanse, er ein del av dette biletet. Kort sagt er det behov for å kunna omstilla seg raskt.
Ikkje godt nok samsvar
Fylkesordføraren peika på at det ikkje er godt nok samsvar mellom den kompetansen som er tilgjengeleg og den som næringslivet etterspør.
- Eg trur betre yrkesrettleiing vil vera til stor hjelp både for dei unge i deira første utdanning og for vaksne som må vidareutdanna seg eller ta ei heilt anna og ny utdanning. Og lukkast me med det, trur eg at me etter ei tid vil få betre samsvar mellom tilgjengeleg og etterspurd kompetanse på arbeidsmarknaden, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.
mittyrke.no
Senteret tek imot elevar/vaksne for bistand, spreie informasjon via Internett (mittyrke.no) og arbeide for betre samarbeid mellom skole og næringsliv. Senteret er organisert som eit prosjekt for perioden fram til og med 2007.
Finansiering
Hordaland fylkeskommune og Aetat står for hovudfinansieringa av prosjektet. I tillegg bidreg også BKK og Bergen kommune. I styret for prosjektet sit Ole Fredheim (leiar), Hordaland fylkeskommune, Marianne Haaland, Hordaland fylkeskommune, Vigdis Ravnøy, LO, Svein Hatlem, NHO, Ingelin Hoff Larsen, Rådgjevarlaget, Inger Moi Synnøve Moi, Fylkesmannen i Hordaland og Tommy Johansen, Aetat.
To tilsette
Senteret har inngått intensjonsavtalar om samarbeid med opplæringskontor i fylket.
Senteret har to medarbeidarar. Adresse er Olav Kyrresgt. 22, 2. etasje (same kontorinngang som Aetat Bergen.)
mittyrke.no