Opnar Senter for yrkesrettleiing i Hordaland

Tysdag 15. november kl. 13.15 vert det offisiell opning av Senter for yrkesrettleiing i Hordaland som Hordaland fylkeskommune og Aetat i Hordaland har gått saman om å etablera.

Fylkesordføraren opnar
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg står for den offisielle opninga av senteret som har som føremål å arbeida for styrking av yrkesrettleiinga i fylket.

Målgrupper
Målgruppe for arbeidet er både elevar i grunnskulen, i vidaregåande skule og vaksne arbeids- og utdanningssøkjarar. Senteret vil også arbeida systematisk for betre samarbeid mellom skule, næringsliv og offentlege styresmakter på dette feltet.

I Olav Kyrresgt.  22 i Bergen
Senter for yrkesrettleiing i Hordaland har lokale i Olav Kyrresgt. 22, Bergen, 2.etg. (same kontorinngang som Aetat Bergen.)
 
Tore  Muren er  fungerande leiar for senteret.

Stanley Hauge 11.11.2005 12:02
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart