Nytt snøggbåtopplegg frå 1. januar 2007

Frå 1. januar 2007 skal snøggbåtrutene i Sunnhordland gjennomførast med to båtar, ein båt skal setjast inn i rute Kvinnherad-Os-Bergen og det vert ein båt i sambandet Austevoll-Bømlo-Bergen. Alle dei fire båtane skal ha 35 knops fart. Dette vart vedteke a

Snøggbåtopplegget skal gjennomførast etter rutealternativa Sunnhordland 2, Austevoll 2 med fylkesrådmannen sitt tillegg på 1,2 mill. kr og Kvinnherad C.
 Forslaget som vart vedteke, var eit fellesforslag frå Høgre og Kristeleg folkeparti. Fremskrittspartiet støtta subsidiert  dette forslaget, etter at partiet sitt eige forslag om rutealternativ 1 i Sunnhordland (dagens alternativ) berre fekk Frp sine tre røyster og fall.
 Arbeiderpartiet og 1 SV (M. H. Olsen) gjekk inn for innstillinga frå samferdselsutvalet, som fekk fire røyster og fall.

Vedtak (Fellesforslag Høgre og Kristeleg folkeparti):
1. «Rutealternativ:
– Sunnhordland 2
– Austevoll 2 med fylkesrådmannen sitt tillegg på 1,2 mill. kr
– Kvinnherad C

Grunnlag båt med fart 35 knop.

Fylkesutvalet føreset at Austevoll gjennom dette tillegget får eit tilfredsstillande rutetilbod.

2. Fylkesutvalet ber om at fylkesrådmannen på dette grunnlag inngår avtale med operatør/operatørar i samsvar med føresetnadane i anbodsgrunnlaget.»

Om rutealternativa (frå saksutgreeiinga):

Sunnhordland 2 ( bruk av to fartøy)
Lokalrute i Sunnhordlandsbassenget
Regionalrute Leirvik-Bergen

I dette alternativet har ein valt å omdisponere ein båt til ruta Rosendal-(Os)-Bergen. Denne produksjonen blir utført med eigen båt som ikkje blir sett i samanheng med snøggbåtruteproduksjonen i Sunnhordlands-bassenget. Produksjonen på strekninga Leirvik-Ranavik-Sunde blir styrka frå 18 avgangar  i dagens ruteopplegg til 22 avgangar i dette rutealternativet. For å kunna auka ruteproduksjonen i Sunnhordlandsbassenget er dagens avgong frå Leirvik kl 11.45 til Bergen med retur attende kl 16.00 via Hufthamar og Rubbestadneset teken ut. Lokalbåten i Austevoll vert nytta til ein ettermiddagstur frå Bergen til Rubbestadneset for å gje reisande eit ettermiddagstilbod. Reisande til Leirvik vert vist til Flaggruten eller ekspressbussrutene.

Austevoll 2 ( lokalbåt/regionalbåt)
Lokalruter i Austevoll
Ettermiddagstur i regionalrute Bergen-Rubbestadneset

Lokalbåten i Austevoll vert nytta til å ta del i den regionale ruteproduksjonen mellom
Bergen og Rubbestadneset. Den lokale ruteproduksjonen i Austevoll vert oppretthalden på dagens nivå. Dette alternativet kan berre nyttast i lag med Sunnhordland 2 alternativet. 

Kommentar:
Fylkesrådmannen vil gjera merksam på at det i fylgje konkurransegrunnlaget er rom for å korrigera ruteplanane og endra produksjonsvolumet. Ut frå dette kan rutetilbodet i Austevoll justerast slik at dei påpeika manglane i rutealternativ 2 vert retta opp.

For å imøtekoma ynskja frå Austevoll kan rutealternativ 2 endrast slik det går fram av vedlagte ruteforslag der justeringane er merka med gråtone. Det inneber at øyane Møkster, Litlakalsøy og Lundøy får det same rutetilbodet til Hufthamar og Bekkjarvik som i dagens ruter, og som ligg inne i rutealternativ 1. Det gjev rom for at skuleeleven på Lundøy framleis kan gå på Selbjørn skule, at arbeidsreisande kjem seg heim om ettermiddagen, og at borna på Litlakalsøy og Møkster kan reisa til Storebø på fritidsaktivitetar om ettermiddagen. Det inneber vidare at det vert stjernestogg på Bekkjarvik på ruta kl 16.00 frå Bergen, og tilsvarande tre dagar for veka på Lundøy. Samla meirkostnad for denne endringa vert om lag 1,2 mill kr.

Sandtorv har mange fritidshus men ikkje fastbuande. I rutealternativ 2 er det lagt opp til stjernestogg på ruta frå Bergen kl 16.00 og sundagsrute som i dag. Denne vil korrespondera med ferja frå Krokeide. Ruta fredag kl 17.40 til Sandtorv vil gå ut.

Kvinnherad C
Regionalrute Rosendal-Os-Flesland-Bergen

Ruta går Rosendal-Os-Flesland - Bergen. Ruta har Malkenes som stjernestogg.
Det vert lagt opp til busskorrespondansar til/frå Husnes og Odda. Det er 2 daglege rundturar Rosendal-Bergen.

Stanley Hauge 22.11.2005 15:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart