Samlinga blir på Scandic Bergen Airport Hotell i Bergen, tysdag 22.november frå kl 10.00. Samlinga omfattar deltakarar frå dei 6 fylka Rogaland, Hordaland, Sogn- og Fjordane, Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag.
Miljøvernminister Helen Bjørnøy vil vere tilstades. Tema for samlinga er verdiskapingsprogrammet for kulturminne og kulturmiljø.
Miljøvernminister Knut Arild Hareide sende tidlegare i haust ut invitasjon til fylkeskommunane om å
delta i eit verdiskapingsprogram på kulturminneområdet.
I løpet av dei neste fire åra vil programmet innebere følgjande:
1. Etablering av nasjonalt nettverk
Det vil bli etablert eit nasjonalt nettverk mellom offentlige, private og frivillige aktørar.
Gjennom nettverket skal dei som er med få tilgang til kunnskap om samanhengen mellom
kulturminne, kulturmiljø og verdiskaping, og kunne utveksle erfaringar.
2. Inntil 10 pilotprosjekt
Det vil i løpet av dei neste fire åra bli valt ut inntil 10 pilotprosjekt i område fordelt over heile
landet. Desse pilotprosjekta vil vere konkrete eksempel vi vil nytte til å hauste erfaring til
bruk andre stader. Områda vil få økonomisk bidrag til istandsetting, sikring og formidling av
kulturminne og kulturmiljø som kan være kjelde i utvikling av lokalsamfunn og næringsliv.
Det vil og bli gitt nokre middel til oppbygging av kunnskap og prosjektleiing knytt til
prosjekta. Både eigarar, frivillige organisasjonar, lokal eller regional forvaltning eller museum
kan vere prosjektdrivarar. Deltaking krev at prosjektet inngår i ein regional eller lokal strategi
samt at det er lagt opp til 50% medfinansiering frå regionale og lokale aktørar eller andre
kjelder. Departementet legg elles ein del føringar for kva krav som skal setjast til deltaking og kriterium for val av dei ti områda.
Miljøverndepartementet og Riksantikvaren har teke initiativ til regionale samlingar der føremålet er å:
- å skape felles forståing for kulturminnepolitikken si vektlegging av kulturminne som ressursar og rammene for verdiskapingsprogrammet
- få fram mogelegheiter som kan utløysast ved å kople ulike aktørar og ulike verkemiddel
- inspirere til samarbeid og gi grunnlag for gjennomføring av verdiskapingsprogrammet (nettverk og pilotprosjekt)
- diskutere organisering av nettverk som skal støtte opp om arbeidet med verdiskaping basert på kulturminne
For meir informasjon kontakt postmottak@kulturlandskapssenteret