Kommuneplankonferansen 2005: "Det gode liv"

Mange ønskjer å sette "det gode liv" på dagsorden i politikk og planlegging. Men kva handlingsrom har kommunane til dette? Det var temaet på konferansen som fann stad i Bergen 24. - 25. oktober.

Det var om lag 160 påmeldte til konferansen på Scandic i Bergen sentrum. Med mange tema på programmet var her noko for ein kvar smak. Både dei som søkte planfagleg oppdatering, dei som ønskte inspirasjon til lokal medverknad, dei som har som si oppgåve å tilrettelegge for helse og fysisk aktivitet og dei som driv nærings- og utviklingsarbeid kunne her få påfyll.

Nokre glimt frå konferansen:

foto: Liv Sundheim

Er vi på veg mot det gode samfunn? Dette var spørsmålet Ottar Hellevik, professor i statsvitenskap ved Universitetet i Oslo freista svare på ved å analysere statistikk frå dei siste 20 åra. Vi får det stadig betre og eiger stadig meir, men er vi nøgde? Statistikken seier at nordmenn ikkje er blitt meir lukkelege. Mykje vil ha meir!

Anna Elisa Tryti, generalsekretær i NMF, historikar og tidlegare politikar, hadde sin eigen vri på omgrepet "frivillighet" - fri, villig og het! Ved å inngå kontraktar mellom offentleg sektor, det sivile samfunn og private aktørar vil ein skape nye løysingar for ei ny tid, meinte ho. 

foto: Liv Sundheim

  foto: Liv Sundheim

Ordførar Øyvind Olsnes i Vaksdal fortalte om omstilling og samfunnsplanlegging  og om korleis det er å vere "mellom bymann og fjellbonde".

I sesjonen som hadde "Ta heile fylket i bruk" som tema, var det sett søkelys på tilhøvet mellom Regionalt utviklingprogram og kommuneplanen.  I diskusjonen kom signal til fylkeskommunen om å ha kanal til kommunane - ikkje berre til Regionalt næringsforum.

foto: Liv Sundheim

Over: Politikarpanelet i diskusjon om vegen vidare. Frå venstre Georg Indrevik (leiar kultur- og ressursutvalet i Hordaland fylkeskommune), Toralv Mikkelsen (ordførar Odda), Marit Aase, (ordførar Samnanger) og Filip Rygg (politisk rådgjevar Bergen kommune).

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sin opningstale

Tidlegare publisert artikkel frå konferansen

Innlegg frå konferansen

Liv Sundheim 28.11.2005 10:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart