Meir informasjon om Hordalandsmodellen og kursboka Samlar etatar på tvers av skiljelinjer Basiskurset samlar tilsette i offentlege etatar og til dels også det private næringslivet på tvers av skiljelinjer. På basiskurset i Alta 5. og 6. oktober deltok tilsette frå etatar som folkeregister, bibliotek, politiet, aetat, barnehage, skular, helsetun, trygdeetat, sosialkontor, i tillegg det private næringslivet. Står i kø Det er stadig pågang over heile landet for å skipe til nye basiskurs. Kristiansand, Fredrikstad, Kirkenes, Hammerfest og Bodø kommune står i køen. ”Hordalandsmodellen” har i tillegg til basiskursa utvikla den årlege Vestlandskonferansen i fleirkulturell forståing som til neste år blir skipa til for 5. gong. Dessutan har forskingsinstitusjonen SINTEF i Trondheim evaluert og kvalitetssikra ”Hordlandsmodellen” i metodeboka ”Med kurs for tverrkulturell forståing – Hordalandsmodellen” som nå blir formidla rundt heile landet. - Evalueringa til SINTEF om ”Hordalandsmodellen” seier at dette er eit viktig og nyttig tiltak innan ein ny kompetanseutvikling, seier prosjektleiar Liv Tvilde Laading i Hordaland fylkeskommune. ”Hordalandsmodellen” har utvikla verktøy for forankring av kompetansen og modellar for kompetanseutvikling som fyller eit manglande fagtilbod i dei ulike profesjonsutdanningane. Omfanget og systematikken i arbeidet er vurdert som unik på landsbasis. Fagstudium og regionkonferansar Universitetet i Bergen har i samarbeid med ”Hordalandsmodellen” utvikla eit nytt fagstudium for etter- og vidareutdanning. I 2005 har det vore gjennomført regionkonferansar over heile landet for å vidareformidle ”Hordalandsmodellen” fokusert på betre tenestyting gjennom tverrkulturell forståing. Regionskonferansane skjer i samhandling med Kommunal- og regionaldepartementet og Utlendingsdirektoratet som rettar søkelys på kva rolle kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn kan spele i utvikling og brukartilpassing av tenester i eit fleirkulturelt samfunn. Den femte regionkonferansen, for Sørlandet, gjekk av stabelen i Vennesla i november, og Kommunal- og regionaldepartementet har spurt Hordaland fylkeskommune om å få til ein nasjonal konferanse i Oslo på nyåret etter same konsept. Til Oslo og Trondheim I tillegg er det stadig aukande etterspurnad etter informasjon om ”Hordalandsmodellen”. I november skipa Skadeforebyggende Forum til ein 3-dagars konferanse i Trondheim og vil bruke ”Hordalandsmodellen” i sesjonen om helseførebyggande tiltak for barn. I desember reiser Liv Tvilde Laading til ein KS-konferanse i Oslo for å orientere ulike verksemder i bykommunen om problemstillingar knytta til likestilling og mangfald, basert på ”Hordalandsmodellen”. Utanlandsk interesse Interessa for ”Hordalandsmodellen” går og utanlands. Frå Danmark har det kome førespurnad frå København kommune. Dei har sett i gang eit tilsvarande prosjekt som går på det tverrkulturelle møtet, spesielt retta mot borgarar med etnisk minoritetsbakgrunn og funksjonshemming. Liv Tvilde Laading seier at dette er interessant med tanke på universell utforming og at Hordaland fylkeskommune er i gang med fylkesdelplan om dette. Frå Finland er det kome førespurnad om presentasjon av Hordalandsmodellen på det årlege internordiske integrasjonseminaret, eit seminar på departementalt nivå. Kunnskapsløftet I samarbeid med Kompetansefylket Hordaland og Opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune arbeider ein nå med eit opplæringstilbod til rådgjevarane i vidaregåande skolar innan feltet minoritetsspråklege elevar og lærlingar. Kompetanseheving er del av Utdanningsdirektoratet sin handlingsplan ”Er gode råd dyre?” og eit ledd i satsinga mot fråfall blant minoritetsspråklege elevar. Opplæringsavdelinga har dei siste åra prioritert denne satsinga som del av Kunnskapsløftet. Resultat av politisk engasjement ”Hordalandsmodellen” er eit resultat av eit politisk og framsynt engasjement i Hordaland fylkeskommune. I 1998 vedtok fylkestinget handlingsprogrammet ”Det fleirkulturelle Hordaland 1998-2001”. Utgangspunktet var Regjeringa sin handlingsplanen mot rasisme og diskriminering (1998-2001). I 1999 vart Liv Tvilde Laading tilsett som prosjektleiar. Ho kartla problemstillingar og laga kursopplegget for ”Hordalandsmodellen”. Prosjektet har ei høg stjerne hos byråkratar i Oslo, og ”Hordalandsmodellen” har fått statlege løyvingar på om lag 4,5 millionar kroner dei siste fem åra frå Kommunal- og regionaldepartementet v/ Utlendingsdirektoratet, Nasjonalt senter for voksenopplæring v/Kompetanseutviklingsprogrammet (Vox/KUP) og KS v/Utviklings- og dokumentasjonsprosjekt. Permanent ordning Mangfaldperspektivet er ein del av regjeringa sitt arbeid med å modernisere offentleg sektor, slo Erna Solberg fast på pressekonferansen for den nye stortingsmelding 49 i oktober 2004. Dette er eit arbeid ein kan vente held fram under den nye regjeringa. Etter å ha vore eit prosjekt i meir enn fem år, ønskjer Hordaland fylkeskommune å gjere ”Hordalandsmodellen” til ei permanent ordning. På nyåret vil ei tilråding bli lagt fram for fylkesutvalet med framlegg om at det blir greia ut ulike alternativ til permanent drift. Endeleg avgjerd skjer i Hordaland fylkesting til våren.
Meir informasjon om Hordalandsmodellen og kursboka |