Habermas - ein inspirator for kommuneplanlegging i Hordaland

Holbergprisen vert 30. november delt ut til samfunnsforskaren Habermas. Dette er ein prisvinnar som har betydd mykje for planleggingsteori og planleggingspraksis også i Norge. I desember samlast planleggjarar frå heile fylket på fylkeshuset til kurs i

Les kronikken i rtf-format

Holberg-prisen, Habermas og kommuneplanlegging i Hordaland

Eg kunne ikkje unngå å leggja merke til avisoverskrifta; Holbergprisen 2005 til den tyske samfunnsforskaren Jürgen Habermas. På arbeidsbordet mitt i Hordaland fylkeskommune låg litteratur av både Holberg og Habermas. Eg trong Habermas som kunnskapskjeldene for det eg driv med til dagleg; samarbeid med kommunane om utvikling av planlegginga. Eg hadde hatt bruk for Holberg for å henta kunstnarleg inspirasjon. Noko sa meg at paret høyrde meir saman enn eg hadde tenkt.

Fellestrekk i livsløp er det som først slår meg.  Den foreldrelause Ludvig forlet fødebyen Bergen, bort frå ein nedbrend barndomsheim og økonomisk ruin og endar sine dagar som ein ruvande forfattar og forskar i København. Jürgen Habermas vert bråvaksen i eit Tyskland i ruinar med ein ideologisk fedrearv utan verdi. Livsverket kan så langt karakteriserast som eit kunnskapsmessig bolverk for forsvar av det gode samfunn. Begge har dei skote sporlys for endringsprosessar i samtida langt utanfor heimlandet. Om det ikkje var for tidsaspektet, kunne historiene samanliknast med å vakne i baronens seng. Eit erkjent stort utviklingsbehov har utløyst tilsvarande handlekraft, ein lærdom som i seg sjølv kan vera gyldig for kommuneplanlegginga.
 
Planleggingshistoria etter krigen har parallell trekk med samfunnsutviklinga elles. Naturvitenskaplege metodar og sentral styring var dominerande frå  industrialiseringa og utover i oppgangstidene.  Men under overflata ulma missnøye med styringsprinsippa, særleg i studentmiljøa. I 68 stakk opne flammar ut i Frankrike og Tyskland. Resultatet vart ei omvelting på mange samfunnsområde, også innan planlegging. Habermas sine utlegningar om demokrati, etikk og offentleg debatt passa saman med dei allmenne straumdraga.

Maktlikevekt og grunngjevingstvang var sentralt i Habermas tenking. Borgarskapets samtale mellom ”dana menneske” på Holbergs tid skulle gjenopprettast gjennom opne dialogar med deltaking for alle. Målet skulle vera gjensidig forståing og semje. Status og makt skulle ikkje hindra det gode argument i å vinna fram.

Samtalereglar som burde etterstrevast  for å gjera dialogen tvangsfri (herredømefri) vart utleia av dei generelle reglane. Det er mogeleg å sjå likskap med fokus i Holbergs forfattarskap og moderne planlegging i desse prinsippa for ”den gode samtale”:

Rett 
Deltakarane må byggja kommunikasjonen på mest mogeleg felles akseptert kunnskapsgrunnlag. Holberg var i så måte ein føregangsmann med sitt forsøk på ein Bergen byes beskrivelse, som kunne vore overskrifta til innleiinga av ein kommuneplan.

Legitim
Samtalen må baserast på felles aksepterte normer eller spelereglar. Holberg bidrog i si samtid til verdidebattar mellom anna gjennom eit uttal epistlar. Verdispørsmål er ein integrert del i all kommuneplanlegging.

Sannferdig
Kommunikasjonen må vera sannferdig.  Det vil sei at deltakarane må verkeleg  meina det dei seier.  Manglande tillit er levande skildra i forholdet mellom mor Nille og Jeppe. Tillit er også eit nøkkelord i alt utviklingsarbeid i kommunane.

Forståeleg
Ordvekslinga må ha ei form eller eit språk som er forståeleg for alle. Språkutviklaren Holberg har gjennom Erasmus Montanus gjort forsøk på manipulering ved hjelp av språk til latter for all ettertid. Kommuneplanleggjarane kjempar mot ein straum av faguttrykk og forkortingar.

Ideane og prinsippa vart vidareutvikla og spreidde seg som eld i tørt gras, men ikkje utan å møta moteld. Naivt, utopi og manglande handlingsevne var nokre av motargument mot dei tyske tesane i forhold til planlegging.

I norsk planlovgjeving og planpraksis vann tankane innpass. Ein rotfest kultur for likeverd og sjølvstyre gav ein god grobotn. Planlovgjevinga set formelle krav til opne arbeidsmåtar med fullt innsyn.sjå berre under kunngjeringar av planarbeid i Bergens Tidende og i lokalaviser!  Det er krav til medverknad og til samarbeid for innbyggjarar og andre interessentar. Det er krav til konsekvensutgreiingar.  Kravet om demokratisk forankring med vekt på lokalt nivå  er ufråvikeleg.

Norsk forsking om og lærebøker i planlegging har  etterkvart hyppige referansar til  Habermas.  Læreboktitlar som Kommunikativ planlegging og  Verkstad som verktøy i plan- og utviklingsarbeid  vitnar om inspirasjon frå dei same kjeldene. Ideane spreidde seg vidare til offentlege organ og kjem til  uttrykk i styringsdialog og rettleiingsmateriell. Det planansvarlege Miljøverndepartementet har for eksempel på si liste materiell med talande titlar  som Kokebok i folkeleg planlegging og Faktaperm for barnerepresentantane.  Kommunane har gjennom Kommenenes Sentralforbund også spreidd prinsippa i sine publikasjonar som til dømes Plan med folkevett.

Her på bjerget i Hordaland kan ein finna spor i  planpraksis i kommunane. Den politiske leiinga prioriterer samfunnsutviklarrolla.  Medverknad frå innbyggjarane er sjølvsagt. Forum og samråd vert etablert. Andlet til andlet kan det, i Habermas sin terminologi, oppstå ein kommunikativ rasjonalitet – eller ein røyndom basert på samtale og ynskje om gjensidig forståing. På den måten kan dei uformelle og dei formelle samfunnssystema knytast saman.

Eit tankemessig samband går frå Habermas og Frankfurterskolen til møterom og grendaskular i Hordaland. Eksempel på forsøk på å gjenskapa samtalen i kommuneplanprosessar er mange. Her er nokre ferske: kontordagar i Kvinnherad  kommune, temamøte i Vaksdal kommune, den store samtalen om Bergen sjøfront i Bergen kommune, kommuneplanverkstader i Fjell kommune og scenarioarbeid i Stord kommune. Media fylgjer opp og lokalavisene dekkjer møter og trykkjer lesarinnlegg. Ein offentlege debatt er levande. Kommuneplan for Kvam har fått merksemd veke etter veke i Hordaland Folkeblad. Høghus i Bergen blir debattert også ved hjelp av dikt på debattsida! Ein poetisk raptus kan berre vera eit pluss for ordskiftet.

Motargumenta  kan koma frå  ynskje om raske resultat og fleksibelt handlingsrom. Lovnedfelte fristar for planlegging og sakshandsaming skal sikre god  framdrift, men kan gjera naudsynt dialog og medverknad vanskelegare. I ein krysseld av ulike omsyn vert kommuneplanleggjarane verkeleg ”stundesløse”.

På Holberg si tid var føresetnadane for offentleg planarbeid annleis. Sjølv kongen i København måtte gje tapt for den snarrådige handelsstanden i Bergen. Holbergs frekke visitt ved kongens slott står i stil med Bergens freidige gatelaup. Her er smitt å smau, men ingen rådhusplass. Gårdsdagens kjøpmenn har no fått selskap av damer i byplanlegginga. Niels Klims underjordiske reise kan koma til å ta nye løp under Ulriken og enda opp på ei ukjent strand ved Store Lungegårdsvann om dei siste planane vinn fram. Det er lagt til rette for  meiningsbryting og demokratiske beslutningar i ”Det gamle rådhus”.

Universitetet i Bergen har invitert Habermas til Holbergprisfest i byens storstue Håkonshallen. Kommuneplanleggjarane i Hordaland er invitert til Bergen for å læra meir om gode arbeidsmåtar. På pensumlista står litteratur med kunnskapsmessig stor gjeld til Habermas. Kanskje set planleggjarane pris på ein tur til Holbergstuen? Slik heng det saman.

Marit Rødseth 30.11.2005 08:53
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart