Fylkesutvalet aukar innsatsen for barn og ungdom, styrkjer kulturinnsatsen, «asfaltløft» for fylkesvegane

16,5 mill. kr meir til tiltak for born og ungdom,10 mill. kr meir til nyasfaltering av fylkesvegane og 3,85 mill. kr meir til kulturtiltak. Dette er hovudendringane i fylkesutvalet si innstilling til fylkesbudsjett for 2006 i høve til fylkesrådmannen sitt

Innstillinga er gjort med dei åtte røystene til Høgre, Kristeleg folkeparti og Fremskrittspartiet og det er fellesforslag frå desse tre partia som er tilrådd.

Satsinga på tiltak for barn og ungdom omfattar vidaregåande opplæring, redusert pris på ungdomskortet frå 1. august 2006 og auka tilskot til Hordaland barne- og ungdomsråd.

Fylkestinget gjer vedtak i budsjettet 13.-14. desember.

Vidaregåande opplæring
Vidaregåande  opplæring får påplussing på 14,65 mill. kr. Utstyrsposten vert auka med 5 mill. kr til 13,5 mill. kr og løyvinga til IT-utstyr vert auka med 5 mill. kr til 16 mill. kr. Løyvinga til læretimar vert auka med 3 mill. kr.
 Tilskot til idrettshallar vert auka med 0,5 mill. kr og auken i 2006 skal gå til idrettshall i Austevoll som dermed vil få tilskot på 2,5 mill. kr. Andre påplussingar: 0,4 mill. kr meir til ungt entreprenørskap, 250 000 kr til prosjekt mot fråfall, 250 000 kr til fagopplæring og 250 000 kr til lærarevaluering.

Samferdsel
Til samferdsel vert påplussinga 13,8 mill. kr. Av denne summen er 10 mill. kr ekstraløyving i 2006 til nyasfaltering av fylkesvegar. Dette skal gje i alt 32,8 mill. kr til asfaltering neste år. Om lag 135 km fylkesveg vil dermed kunna få nytt dekke mot opphaveleg budsjettert 52 km.
 2 mill. kr vert budsjettert til incentivtiltak for kollektivtrafikken. Dette kan vera konkrete rute- eller prisendringar eller kreative marknadsføringstiltak, heiter det i forslaget.
 1 mill. kr vert sett av for å redusera prisen på ungdomskort med inntil 10 % frå 1. august 2006 (ny pris ca. 320 kr pr månad). Det er ei målsetjing å redusera prisen på ungdomskortet ytterlegare eller å føreta andre tiltak for å stimulera ungdomen til å reisa kollektivt.
 0,5 mill.kr skal gå til å betra tilbodet til dei som er definert som dei tunge brukarane i transportordninga for funksjonshemma.
 Til styrking av Espeværruta vert det løyvd 300 000 kr.
 

Kultur
Budsjettet til kulturføremål får auke på 3,85 milll.kr.
 Til nytt bygg ved Vestnorsk utvandringssenter på Radøy vert det løyvd 1 mill.kr.  Bergen og omland friluftsråd får 1 mill. kr til ny båt.
 For å sikra Hardanger folkemuseum mot vasskader frå lekkasjar i tak, vert det løyvd 750 000 kr. Til bannsikring ved Agatunet vert det løyvd 250 000 kr.
 Løyvinga til Hordaland barne- og ungdomsråd vert auka med 300 000 kr. 50 000 kr vert løyvd til SAFO og til rådvelde-kontoen for kultur- og ressursutvalet vert auka med 500 000 kr.

Regional utvikling og administrasjon
Fylkesutvalet ynskjer å medverka til etablering av eit undervisningstilbod på høgskulenivå i etablering og nyskaping, og vil yta eit tilskot på 0,5 mill.kr til finansiering av ei professorstilling ved Høgskolen i Bergen. Summen er 200 000 kr mindre enn fylkesrådmannen føreslo. Fylkesutvalet vil styrkja informasjonstenesta med ei stilling, men vil i denne omgang ikkje oppretta stilling som administrasjonssjef.

Finansiering
Påplussingane på ca. 32 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettforslag vert finanserte ved at overføringa frå drift til investeringar vert redusert med 20 mill. kr og ved å nytta 12,1 mill. kr av udisponert budsjettsum på 15 mill. kr.
 
Attvunnen handlefridom
I fellesforslaget frå H, KrF og Frp, som går som tilråding til fylkestinget, heiter det innleiingsvis: «Fylkeskommunen har attvunne den økonomiske handlefridomen og fylkestinget ynskjer å prioritera nye midlar til viktige kjerneoppgåver.
 Handlefridomsprosjektet, stram økonomistyring og auka rammer har gjeve  ny handlefridom til fylkeskommunen. Det er framleis viktig med stram økonomistyring og at prosjekta som er vedtekne i samband med handlefridomsprosjektet vert gjennomførde. Fylkestinget ønskjer å bruka denne handlefridomen til å prioritera nokre viktige område.»

Andre budsjettforslag
Arbeiderpartiet, Sosialistisk venstreparti, Senterpartiet og Venstre sette alle fram eigne budsjettforslag. Forslaga var røystene til dei respektive forslagsstillarane.

Arbeiderpartiet
Arbeiderpartiet føreslo endringar på 30,5 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt forslag.
 Til vidaregåande opplæring føreslo Ap auke på 18,4 mill. kr inkludert 0,4 mill. kr til oppretthalding av filialklassen i Granvin. 7,1 mill. kr vart føreslege til samferdselstiltak, m,a, 4,0 mill. kr til å reversera samanslåinga av skulereisekort og ungdomskort.
 Andre påplussingar: 600 000 kr til næringsretta tiltak, 2 mill. kr til den kulturelle skulesekken og tilskot til fylkesidrettsanlegg, 2 mill. kr til barne- og ungdomsorganisasjonar og særlege prosjekt for born og unge, 0,2 mill. kr til funksjonshemma sine organisasjonar og 0,2 mill. kr meir til reiselivstiltak.
 Påplussingane vil Ap finansiera med 15 mill. kr i ufordelte midlar frå statsbudsjettet og 15,5 mill. kr omdisponert frå investering.
 Forslaget fekk Ap sine tre røyster og fall.

Sosialistisk venstreparti
Sosialistisk venstreparti føreslå styrking av driftsbudsjettet med 58 mill. kr i høve til fylkesrådmannen sitt budsjettforslag. Påplussinga finansierer SV ved å nytta 35 mill. kr mindre i driftsmidlar til investeringar og nyttar 23 mill. kr i udisponerte midlar.
 Påplussinga fordeler seg med 2,4 mill. kr til kultur, 27,05 mill. kr til opplæring, 18 mill. kr til samferdsel, 10,55 mill. kr til fellestiltak og næringsføremål.
 Forslaget fekk SV sine to røyster og fall.

Senterpartiet
Senterpartiet føreslo påplussingar på 19 mill. kr til drifta. Summen fordeler seg med 5,5 mill. kr til samferdsel, 11,4 mill. kr til opplæring og 2,1 mill.kr til kultur. Påplussingar vert finansiert med 15 mill. kr i ufordelt sum frå statsbudsjettet og 4 mill. kr mindre i driftsmidlar til investeringar.
 Inkludert i påplussinga til opplæring er 0,4 mill. kr til oppretthalding av filialklassen i Granvin.
 Påplussinga til samferdsel vil Sp fordela med 1 mill. kr til transport av funksjonshemma, 4 mill. kr til frivillig samordning  av ungdomskort og skulereisekort og 0,5 mill. kr til «Trygt heim-prosjektet».
 Auken til kultur vil Sp nytta m.a. til Hauge/Tveitt jubileum i 2008, tilskot til barne- og ungdomsarbeid og den kulturelle skulesekken.
 Forslaget fekk Sp si røyst og fall.

Venstre
Venstre føreslo påplussing på 36,5 mill. kr. Summen fordeler seg med 12,5 mill. kr meir til samferdsel, 4 mill. kr til kultur (særleg museum), opplæring 18 mill. kr og 2 mill. kr til regional utvikling og næringsutvikling.
 Auken til samferdsel vil Venstre fordela med 10 mill. kr til incentivmidlar kollektivtrafikk (særleg «nedbetalte bruer», 1,5 mill. kr til ungdomskort og 1 mill. kr til transport for funksjonshemma.
  Påplussinga vil Venstre finansiera med 15 mill. kr frå udisponerte midlar frå statsbudsjettet, 20 mill. kr i mindre bruk av driftsmidlar til investeringar og 1,5 mill. kr i redusert auke til administrasjon.
 Forslaget fekk Venstre si røyst og fall.

Budsjettforslag  H, KrF og FrP

Budsjettforslag Arbeiderpartiet

Budsjettforslag SV

Stanley Hauge 22.11.2005 16:21
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart