Ei open dør mot kommunane

I om lag to år har ”Kommunedøra” vore i drift på fylkeskommunen sine nettsider. Kommunedøra skal vere ei lett tilgjengeleg og open dør mot kommunane. Nettstaden skal også vere ei hjelp for tilsette i fylkeskommunen til å finne informasjon om kommunane og

Føremålet med nettstaden kan beskrivast i overskrifta ”Ei open dør mot kommunane”, og også ”..Om å finne rett dør”.

Med fylkeskommunen si innføring av nytt nettpubliseringssystem i sommar har nettstaden funne ei meir permanent form, og er no tilgjengeleg på nettadressa

http://www.hordaland.no/kommunedora   
(fungerer også med ø i namnet).

Nettstaden inneheld informasjon som kan vere av interesse og til nytte for kommunane i fylket – og for fylkeskommunen sjølv. Fylkeskommunen har eit lovpålagt ansvar for å rettleie kommunane om kommuneplanlegging.

Dåverande miljøvernminister Knut Arild Hareide sa seg i eit innlegg på Kommuneplankonferansen i Bergen i 2004 svært nøgd med Kommunedøra og slagordet "ei open dør mot kommunane". Han la til at det er gjennom openheit og tidleg samarbeid vi kan nå resultat og få til utvikling.

Noko av det som finst bak Kommunedøra:

  • Oversikt over e-postadresser til kommunane i Hordaland, - og til kommuneplanleggingsansvarlege.
  • Oversikt over kurs og konferansar som kan vere av interesse for kommunane, evt. også med påmeldingsinformasjon og referat/ dokumentasjon.
  • Oversikt over nettverk for kommuneplanlegging, med informasjon om deltakarar og møter, med tilhøyrande dokumentasjon.
  • Ei omfattande oversikt over materiale frå fylke, stat og andre, som er meint å vere til hjelp og rettleiing for kommunane i deira planlegging, særleg i høve til plantema der fylkeskommunen har fagleg og politisk ansvar i høve til fylkesplanar, fylkesdelplanar og utviklingsprogram.
  • Lenkjer til andre relevante nettsider og kunnskapsbasar

Kommunedøra vert driven av arbeidslaget Kommunesamarbeid.

Marit Rødseth, leiar for arbeidslaget, seier at Kommunedøra vart oppretta som resultat av ei brukarundersøking om korleis kommunane ønskjer at fylkeskommunen si rettleiing skal leggast opp.
– Kommunedøra er sentral for arbeidslaget si vegleiiarrolle. Mykje informasjon som kommuneplanleggarane treng, kan dei finne her, og finn dei den ikkje sjølv er det lett for oss å vise til den nettsida der informasjonen ligg. - Den kunnskapsbasen som Kommunedøra utgjer er under stadig oppbygging og utvikling, og vi ønskjer å utvikle nettstaden og gjere den meir interaktiv etterkvart som vi teknisk får betre høve til det.

Marit Rødseth legg til at arbeidslaget er svært interessert i tips og tilbakemeldingar frå brukarane, noko som er ein føresetnad for å kunne utvikle og forbetre tilbodet.

Ronny Strand 21.11.2005 09:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart