20 årsjubileum for vennskapstre til Edinburgh

Torsdag 24. november skal fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen delta i tenninga av jubileumsgrana frå Hordaland til Edinburgh. I år er det 20 årsjubileum for den flotte tradisjonen med å markere vennskapen mellom Edinburgh og Hordaland med eit 20 meter

Hogga på Lysekloster
Treet vart hogga på Lysekloster i nærvær av den skotske familien Stoneman som hadde vunne tur til Noreg for å delta i hogsten.

Skal tenne grana
11 år gamle Katie Victoria Stoneman får æra av å tenne den hordalandske julegrana rundt klokka 18.00 torsdag 24. november, etter at fylkesvaraordføraren har tala til det skotske folket. I tillegg blir det tale av borgarmeisteren i Edinburgh, Deputy Lord Provost Steve Cardownie.

Storhending
Lysfestivalen i Edinburgh er blitt ei storhending i den skotske hovudstaden. Det er venta at rundt 16.000 personar vil delta i lystenninga.

 


Katie Victoria Stoneman (11) og familien hennar frå Edinburgh deltok under hogginga av julegrana på Lysekloster, mor Isabel Ann Stoneman og storebror Steven Frederick (14). (foto: Bjarte Brask Eriksen)

Adventskonsert
Seinare på kvelden, kl. 19.30 går den tradisjonelle norske adventskonserten av stabelen i St. Giles Cathedral. Her skal artistar frå Hordaland delta.


Det er eit flott 20 meter høgt juletre som skal lyse opp Edinburgh i julemånaden. (foto: Bjarte Brask Eriksen).

Bjarte Brask Eriksen 18.11.2005 11:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart