Framlegget til statsbudsjett frå regjeringa Stoltenberg medfører ein inntektsauke på 57,1 millionar for Hordaland fylkeskommune for 2006. Av dette går fylkesrådmannen inn for å bruke 10 millionar kroner til å auke vedlikehaldet av fylkesvegane, fem millio
Totalt neste år foreslår fylkesrådmannen å bruke om lag 100 millionar kroner til vedlikehald av fylkesvegane i Hordaland. Fylkesvegvedlikehaldet har vore knapt dei siste åra. Knappe løyvingar over år gjer at ein no mange stader kring i fylket har nedslitne fylkesvegar. Fylkesrådmannen meiner det er naudsynt å auka vedlikehaldsramma vesentleg. Auken frå budsjettet for 2005 er på 14,3 mill. kr eller nær 17 prosent.
Trafikksikring
Til trafikksikring går fylkesrådmannen inn for å auke investeringsramma med fem millionar kroner kvart år for planperioden 2006-2015.
I samband med at bompengeinnkrevjinga i nær framtid er slutt på Nordhordlandsbrua og Askøybrua går fylkesrådmannen inn for å løyve 1,2 millionar kroner til oppgradering av ruteopplegget Nordhordland-Bergen, og auka marknadsføring og samkøyringsopplegg for ruter mellom Nordhordland og Askøy/Sotra.
Vidaregåande skular
Vidare vil fylkesrådmannen styrke dei vidaregåande skulane med 11 millionar kroner, fordelt med 3 millionar til skular med særlege behov, 3 millionar til undervisningsutstyr, 3 millionar til IT-utstyr og 2 millionar kroner til ekstraordinært vedlikehald.
Til nye tiltak i tannhelsetenesta foreslår fylkesrådmannen 5 millionar kroner. Til slutt står 15 millionar kroner som ufordelt sum.
Budsjettet skal handsamast i fylkesutvalet 21. og 22. november. Endeleg vedtak skjer i fylkestinget 13. og 14. desember.
Heile notatet om det reviderte budsjettgrunnlaget (word-rtf)
Budsjettsidene til Hordaland fylkeskommune