Vestlandet leiar an nasjonalt med å etablere sterke regionar

- Mitt inntrykk er at Vestlandet no leier an nasjonalt når det gjeld spørsmålet om å etablera sterke regionar. Dette er nasjonalt nybrottsarbeid, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho opna Hordaland fylkesting 9. mars.

Stor betydning for eit framtidig regionalt nivå
Fylkestinget i Hordaland vedtok i desember i fjor å gå inn i eit utgreiingsarbeid om ein eventuell Vestlandsregion.
- Utgreiinga er ikkje berre viktig lokalt her på Vestlandet, men den har også stor betydning for kva for eit framtidig regionalt nivå vi skal ha frametter her i landet. Eg vil ha sterkt fokus på spørsmålet om Vestlandsregion, ikkje minst i samband med Stortinget si handsaming av Regionalmeldinga som Erna Solberg vil leggja fram 8. april, og i valkampen.

Sentralt tema på landsmøta
Fylkessordføraren vonar at spørsmålet om sterke folkevalde regionar blir eit sentralt tema på landsmøta til dei politiske artia utover våren.
- Eg reknar med at de som sit i denne salen vil bidra til dette! Eit fellestrekk ved forslaga som er lanserte for ny kommuneinndeling, er at dei legg opp til større kommunar. Eg ser det kan vera grunnar til å ha store kommunar som har tilstrekkeleg kompetanse på dei mange viktige tenesteområda sine. Med geografisk store kommunar risikerer me å mista noko av den entusiasmen og dugnadsanda som me i dag ser mange stader og som er så verdifull for lokalsamfunna. Ei forvaltningsinndeling med eit folkevalt regionnivå, vil ikkje på same måta som eit statleg to-nivå ha som føresetnad at kommunar slår seg saman i det omfang som utgreiingane ber bod om, sa fylkesordførar Torill Selvold Nyborg under opninga av fylkestinget på Bergen Kongress Senter.

Les heile talen til fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Bjarte Brask Eriksen

10.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart