Tilrår fredingsframlegg for Bergenhus festning

Kultur- og ressursutvalet rår fylkesutvalet til å stø Riksantikvaren sitt framlegg om å forskriftfreda Bergenhus festning inkludert Sverresborg og delar av Koengen.


I tilrådinga ber kultur- og ressursutvalet fylkesutvalet om å stilla seg bak fredingsframlegget, som vil gje godt og varig vern til festningsanlegget som ein heilskap og dermed trygga eitt av fylket og landet sine mest verdfulle kulturminne for framtida.

Kultur- og ressursutvalet meiner at området må sjåast i samanheng med Bryggen og at vern gjennom bruk blir eit hovudfokus for framtida til området. Restaurantar, kaféar og konsertarenaer kan vera noko av innhaldet i framtidig bruk av festningsanlegget og det tilknytte området.

Berit Eldøy (H) gjorde på vegner av H, Frp, KrF og P framlegg om at delar av Ekserserhuset vert inkludert i utviklingsplanen for Jonsvollkvartalet. Dette vart vedteke mot 6 røyster (A,V, Sp og SV).

Utvalet rår likevel til å sjå Koengen som ein aktuell stad for gjenreising av Ekserserhuset frå Jonsvollkvartalet/Engen, og vil be om at § 1 i framlegget til fredingsføresegner for Bergenhus festning vert endra slik at det vert rom for ei slik gjenreising. Denne delen av tilrådinga vart gjort mot 3 røyster (A).

Saka skal opp på møte i fylkesutvalet 31. mars.

Eli Lothe

04.03.2005 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart