Det døvefaglege miljøet må så langt råd er haldast samla, slik at ein sikrar naudsynt kompetanse på området, men verksemda må samstundes integrerast i den nye skulen sitt arbeid med sikte på å kunna gje dei beste tilboda til elevane, heiter det i fylkestinget sitt vedtak.
Hordaland fylkeskommune tek over personalansvaret for dei tilsette ved Bjørkåsen videregående skole. Fylkeskommunen tek og over eigedomsretten til grunn med påståande bygningar ved Bjørkåsen videregående skole etter avtale med Statsbygg.
SV, Ap, Sp og V fremja eit felles forslag om at det ved den samanslegne skulen skal organiserast ei eiga hørselsfagleg avdeling med namnet Slåtthaug videregående skole, hørselsfagleg avdeling – Bjørkåsen. Like eins føreslo dei nemnde partia følgjande:
«Eit utval med representantar for opplæringsavdelinga, begge skulane og dei tillitsvalde skal vurdera korleis tilbodet til høyrselhemma og samordninga med hovudskulen best kan organiserast. Dette arbeidet skal føra fram ein plan for organisering av opplæringstilbodet til dei høyrselshemma i tråd med St. meld 14 og for plan korleis ein kan sikra at fylkeskommunen har naudsynt kompetanse på fagområdet også i framtida. Planen skal leggjast fram til politisk handsaming.»
Fellesforslaget fekk 25 røyster (Ap, SV, Sp, V) og fall.
Fylkestinget vedtok med 29 (H, FrP, KrF) mot 28 (Ap, SV, Sp, V, RV, Pensj.) røyster at detaljar vedkomande samanslåinga skal handsamast administrativt. Mindretalet ville at detaljsaker skal handsamast av opplærings- og helseutvalet og fylkesutvalet.
Bjørkåsen videregående skole har skuleåret 2004/2005 20 elevar som er delt inn i grupper på om lag 3 – 5 elevar. Skulen har 29 tilsette.
Slåtthaug videregående skole har 378 elevar skuleåret 2004/2005. Skulen har ca. 60 stillingar.
Stanley Hauge